Klikk her for å gå til startsida
Klikk her for meir info om Bendit Cup i Volda 25. september 2010
Til startsida Du er her: Våre lag / A-laget / Siste nytt / Ny 5-1 siger. Denne gong mot Vartdal.
Aktuelt
Våre lag
Mediabank
Turneringar
Fotballskule
Trafikktryggleik
Nettbutikk
Stadion
Om Oss
Historikk
Lenkjer

Motta vårt nyhetsbrev
E-postadresse:
Namn:
Firma:
Meld på
Meld av

Brukernavn:
Passord:

Webløysing levert av
Saga Media Service

Gå til Sparebank1 Søre Sunnmøre sin webstad

Ny 5-1 siger. Denne gong mot Vartdal.
Av: Audun Grimstad  [Sist endra: 06.02.2010 10:59:10]

Romestrand -Runew Det vart 5-1 til Volda i treningskampen mot Vartdal på stadion i kveld. Fortent nok, men utan å imponere. Brukbar førsteomgang vart avløyst av ein heller svak andre. Målscorarar for Volda var Frantz Frantzen 2, Rune Haugen, Atle Driveklepp og Bjørnar Bakke Liaskar (på straffe).

Med temperaturen omsider opp mot 0 grader vart underlaget litt glattare enn siste kamp. Det sette nok sitt preg på kampen, der både pasningsretning og mottak vart lidande. Slik sett var nok kampen eit steg tilbake i høve kampen mot Bergsøy. Likevel brukbar første omgang der Volda dominerte. Rune Haugen skapte då ein del på si side og fekk æra av å lage 1-0 på ei gjennomløping allereide etter 8 minutt. Atle Driveklepp sitt skot/frisparkinnlegg gjekk så rett gjennom alt og alle til 2-0, før Vartdal reduserte ved Rolf Audun Vartdal, etter at ein voldaforsvarar glei over ende. 3-1 kom på ei flott vending av Frantz Frantzen med påfølgande skot i hjørnet.

Same mann starta 2. omgang med å setje Christian Malmo sitt fine innlegg i mål, før kampen gjekk inn i ei slags dvale. Det meste gjekk føre seg på midtbana, med få sjansar begge vegar. Volda auka likevel til 5-1 like før slutt då Obako Andani vart sprunge overende, og Bjørnar Liaskar banka straffesparket knallhardt opp under tverrliggaren, midt i målet.

Brukbar første omgang, forholda tatt i betraktning, men etter kvila vart det alt for upresist. Skal ein plukke fram eit par pluss denne gongen vel vi Rune Haugen sin første omgang og Knut Arne Grimstad med god kontroll på sentral midtbane.
Kan også nemne at Sander Håskjold Nyland spelte siste timen for Vartdal, då keeperen deira vart lettare skadd. Det greidde han godt!

Birger Breivik dømde. Missa nok på eit par offsidar, men greidde seg elles greitt. Ikkje lett å dømme i tussmørke heller, med to så like drakter i spel. Hadde kanskje vore ein tanke med gule vestar til eine laget?

Laget: Nikolai Brune Engeset, Atle Driveklepp, Tobias Evebø, Rasmus Aarflot, Lars Johan Holsvik, Bjørnar Bakke Liaskar (Sondre Lutcke Lid , Hans Husøy (Sondre Fossheim), Knut Arne Grimstad, Christian Malmo, Frantz Frantzen, Rune Haugen (Obako Andani).

                                       (Foto: AG)

Knut Arnew
Knut Arne hadde god kontroll på midtbana.
Frantzw
To fine mål frå Frantz Frantzen (t.h.)  
SanderHNw
Sander Håskjold Nyland var gjestekeeper for Vartdal. Tobias Evebø til venstre.
Coachingw RuneHw
Coaching! Rune Haugen scora nok eit mål.


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon
Været på stadion
Stadiondagbok
Aktivitetsplan
  
Komande kampar
A-menn: 
Spjelkavik - Volda
10.09 / 18.30
A-kvinner:
Træff - Volda
12.09 / 15.00
Junior:
Volda - Spjelkavik
13.09 / 18.30
Volda avgjer nedrykksstriden i 3. divisjon menn
09.09.2010 12:05
3 Div Damer : Volda2 med siger 6 - 5 mot Sunnylven på Grusbana på H...
09.09.2010 12:04
Bendit-cup snart fullteikna! 108 påmeldte lag ein dag før fristen e...
07.09.2010 09:33
Dei yngste var dei beste straffeskyttarane! J1997 vann klubbkonkurr...
07.09.2010 09:29
Leiarmøte i kveld tysdag 7. september kl 19.00.
07.09.2010 09:06
Junior: Volda - Herd 6-0 (3-0)
06.09.2010 20:17
Ang uorganisert bruk av Volda Stadion - inngå avtale om bruk
06.09.2010 12:09
G-16 Volda - Ørsta 1-3 (0-0)
06.09.2010 11:22
Damelaget vann igjen: Volda - Tynset 3-0 (1-0)
05.09.2010 15:44
Damelaget: Sterk 5-2 siger mot Byåsen!
04.09.2010 21:12
OldBoys: Forbrødring på stadion, Volda-Ørsta 1-1 (også på Youtube)
04.09.2010 20:12
No er "Nye" Volda Stadion offisielt opna! Sjå filmar frå opningshel...
03.09.2010 22:39
Volda-Godøy 9-0 ! Sjå også film frå kampen (Youtube)
03.09.2010 20:51
Trenarkommentarar og laguttak til kampane i helga
03.09.2010 17:00
Bendit-cup 2010: 70 påmelde lag - ei veke til påmeldingsfristen går ut
03.09.2010 09:07

02.09.2010 12:41
Fotballkampar på Volda Stadion i helga:
02.09.2010 08:43
Tobias Evebø har gått til Førde
01.09.2010 20:02
Old-boys kampen: Intens rekruttering - her er sannsynlege lagoppsti...
01.09.2010 19:57
A-laget: To nye spelarar klare for Volda
31.08.2010 22:16
G98: Prisutdeling etter vårsesongen 2010
30.08.2010 23:19
Hovdebygda får to voldaspelarar
30.08.2010 02:27
Damer 3Div.: Volda2 - HaNo 4 - 0
29.08.2010 15:18
J16 - 7ar 2 sigrar til Volda
29.08.2010 00:53
J96: Bra start på haustsesongen
28.08.2010 20:40
Damelaget: Sterk bortesiger mot Ranheim: Ranheim - Volda 1-5 (0-2)
28.08.2010 15:06
To tap for damelaget
28.08.2010 14:51
Jenter 2001: Miniturnering i Hovdebygda 26. august 2010
28.08.2010 00:16
Volda har fått spelar frå Mjøndalen
28.08.2010 00:00
Siger mot botnlaget: Rollon - Volda 2-3 (1-2)
27.08.2010 23:52
 
www.vti-fotball.no © Volda TI Fotball - 6101 Volda - styret@vti-fotball.no - Tlf klubbhuset: 70078512

Di annonse her?

Våre sider hadde
170.000 visningar
siste kalenderår.

Våre sponsorar

Klikk her for å gå til G-Sport.no


Gå til Objektsikring - Group 4 Securicor


Gå til webstaden til Kragset Eigedomsmekling


Klikk her for å gå til nettstaden til Tussa


Klikk her for å gå til Sport1 sin webstad


Klikk her for å gå til www.elkjop.no


Gå til Nordea sin webstad


Gå til Sparebanken Møre sin webstad


Gå til Høgskulen i Volda sin webstad


Klikk her for å gå til nettstaden Rokken.no


Klikk for å gå til Rotevatn Trafikkskule sin webstad


Toshiba Varmepumper - Egset Ventilasjon AS


Klikk her for å gå til nettstaden til avisa Møre


Gå til webstaden til Aktiv trening