Ang oppslaget i Sunnmørsposten i dag - "Volda og Hødd på kollisjonskurs"Av: Johann Roppen [Sist endra: 30.01.2010 13:18:53]Sunnmørsposten skriv i dag, laurdag 30. januar, om forhandlingane mellom Hødd og Volda ang Thomas Lid Kleppe sin overgang frå Volda til Hødd. Hødd melde at Kleppe fekk proffkontrakt på sine nettsider 20. januar. Etter det tok Volda kontakt pr e-post og deretter har det kome ein e-post tilbake frå Hødd. Volda vil drøfte saka på styremøtet komande måndag. Hødd og Volda inngått ein samarbeidsavtale om spelarovergangar. Dette er ein avtale som Hødd sjølv har formulert og inngått også med andre klubbar. Avtalen gjeld alle spelarar - uavhengig av kor gamle dei er eller kor mange kampar dei har spela for klubben.
Thomas Lid Kleppe valde å gå til Volda i fjor haust, sjølv om han helst ønska å spele for Hødd. Hødd seier i Sunnmørsposten i dag at dei tilrådde Kleppe å gå til Volda for resten av sesongen for å få best muleg kamptrening. Samarbeidsavtalen mellom Hødd og Volda vart inngått berre nokre månader tidlegare. Kleppe var ein kjempegod spelar for Volda i fjor haust - og Volda hadde håpa på han ville halde fram i klubben. Når Kleppe no har gått til Hødd står han fritt til å gjere det, og Volda ønskjer han lukke til på Høddvoll.
Hødd valde sjølv å offentleggjere at Kleppe hadde signert proffkontrakt - og skreiv då også at det står att å bli samd med tidlegare klubbar. I Sunnmørsposten i dag vert Andrè Nevstad sitert på at Hødd meiner Ørsta har rett på utdanningskompensasjon, og at Hødd ikkje kan betale både til Ørsta og Volda.
Sportsleg leiar Per Ivar Kongsvik i VTI Fotball sa til Sunnmørsposten at VTI vil forholde seg til samarbeidsavtalen og ventar at Hødd vil gjere det same. Sportsleg leiar Kjell Einar Dagfinrud i Ørsta seier til Sunnmørsposten at Ørsta ennå ikkje har teke kontakt med Hødd men ventar på at Hødd skal ordne opp i forholdet til Volda. |