Klikk her for å gå til startsida
Klikk her for å støtte VTI Fotball...
Til startsida Du er her: Våre lag / A-laget / Siste nytt / A-laget: Uavgjort 1-1 mot Norborg
Aktuelt
Våre lag
Mediabank
Turneringar
Fotballskule
Trafikktryggleik
Nettbutikk
Stadion
Om Oss
Historikk
Lenkjer

Motta vårt nyhetsbrev
E-postadresse:
Namn:
Firma:
Meld på
Meld av

Brukernavn:
Passord:

Webløysing levert av
Saga Media Service

Gå til Sparebank1 Søre Sunnmøre sin webstad

A-laget: Uavgjort 1-1 mot Norborg
Av: Jo Harald Grimstad  [Sist endra: 10.05.2009 09:51:47]

_DSC6470

Det vart berre 1-1 mot Norborg på stadion i kveld. Og det var gjestane som tok leiinga i 1. omgang. Kato Vangen skapte balanse i rekneskapen etter pause.

Det var ikkje spelt eitt minutt av kampen ein gong før første store sjansen kom. Knut Arne Grimstad mista ballen i midtforsvaret og ein Norborg-angripar snappa ballen og sette fart mot målet. Men heldigvis for Volda sin del gjekk skotet utanfor. Volda forærte i det store og det heile Norborg ein del sjansar i første omgangen og då spesielt gjennom slurv i midtforsvaret. Og etter 24 minutt straffa det seg. Eitt nytt balltap fører til at Skjalg Volstad i Norborg-angrepet får føre ballen mot Volda-målet og det ikkje altfor velplasserte skotet frå i overkant av tjue meter går inn til høgre i målet. Etter kampen var ikkje trenar Arild Hagen Bakke veldig nøgd med nettopp dette.

-Det er vi som skapar målet for dei i første omgang, seier ein litt oppgitt Volda-trenar.

For i første omgang var det Volda som hadde ballen nær sagt heile tida, og bortsett frå ei periode midtvegs i omgangen var dei det dominerande laget men utan å skape altfor store sjansar.

Der første omgang starta med ein kjempefeil og stor sjanse til Norborg, der starta andre omgang med kjempespel og ein stor sjanse til Volda. Ole Magne Rotevatn får spelt fram banens beste, Rune Haugen, på høgrekanten, han slår eit  godt innlegg som Atle Driveklepp tar på heil volley på bakerste stolpe, men desverre halvmeteren utanfor. Etter den flotte opninga så døyr kampen litt og Norborg lukkast veldig bra med å dra ned tempoet i kampen, noko Hagen Bakke var småirritert over.

-Etter at dei tar leiinga så går dei kun inn for å øydelegge kampen og det får dei lov til, seier heimetrenaren.

Ein av få sjansar i den første halvdelen av omgangen fikk Norborg. Eitt frispark vart slått inn mot mål, Nikolai Engeset greier ikkje halde ballen og ein Norborg-angripar sett returen i mål. Men det var vinka for offside. Atter om lag halvspelt omgang fikk Volda si fortente utlikning, men det måtte ein dødball til. Eit langt kast frå Knut Arne Grimstad inn i målgården til Norborg gjer at det oppstår ein del klabb og babb. Først blir ei avslutning meisterleg redda av Norborg sin sisteskanse, så dukkar innbyttar og goalgetter Kato Vangen opp og set inn returen. Etter utlikningsmålet skjedde det ikkje så mykje foran måla på Volda stadion før vi var over på tilleggstid. Volda skapar først ein stor sjanse då Kato Vangen kjem seg til linja og slår ut i feltet, men skotet blir blokkert. Fire minutt på overtid får Norborg kampens siste sjanse, men skotet frå seksten meter vert flott redda av Engeset i Volda-målet. Dermed vart det eitt mål til kvart lag og poengdeling.

 Veldig rufsete bakfrå i oppspelsfasa der særleg midtstopparparet Gjertsen og Grimstad gav vekk ein del farlege ballar. Også keeper Engeset bakerst virka rusten. Størst pluss til Rune Haugen som var eit aktivum på høgresida til Volda, godt assistert av Ole Magne Rotevatn. Venstresida til Volda fungerte ikkje denne gongen og alt av sjansar vart skapt frå høgre. Alt i alt ein kamp Volda skal vinne. 

FAKTA:
Volda-Norborg   1-1 (0-1)
Volda stadion, kunstgras A
Tilskodarar: 120
Dommar: Per-Ola Utgård, Hundeidvik
Mål:  0-1 Skjalg Volstad (24), 1-1 Kato Vangen (67)
Laget: Nikolai Engeset, Isak Husøy (Hans Husøy,72.min), Knut Arne Grimstad, Anders Gjertsen, Lars Johan Holsvik, Rune Haugen, Ole Magne Rotevatn, Anders Heggen, Atle Driveklepp, Christian Malmo (Rasmus Aarflot jr.,65.min), Øystein Skare (Kato Vangen,46.min)
”Mørepoeng”: Rune Haugen 3, Anders Heggen 2, Ole Magne Rotevatn 1

Sjå ballgutane i kampen - mini 2000.

Frispark til Norborg VTI
Ikkje alltd kjekt å stå i mur ...
Ole Magne Rotevatn VTI

Solid ryggsekk på Ole Magne Rotevatn. Rasmus Aarflot (bak) er russ i år, og var sterkt etterspurt av russe-publikummet då ha kom innpå på slutten av kampen!

Dagens volding- Rune Hauge..
Rune Haugen vart nok stoppa her.
Publikum VTI
Publikumstalet på 1. mai: 130.
Russen VTI
Det var i grunnen nokså stilt i russesvingen ..
Skade VTI
Uten Navn VTI(3)
Ole Magne Rotevatn veit kva som kjem ...
Øystein Skaare VTI
Ein flygande Øystein Skaare.

_DSC6487
Ikkje lett å skubbe seg på Anders Gjertsen.
_DSC6490
0-1 til Norborg. VTI kasserar Peder Barstad har orkesterplass til mål i feil ende ...
Christian Malmo

Lars Johan Holsvik
x2-video
Heile 4 video-lag med HVO-studentar følgde kampen for å få trening før dei skulle filme på X2-festivalen i helga.

 


|Tips en venn på e-post!

Klikk her for utskriftsvennleg versjonKlikk her for utskriftsvennleg versjon
Været på stadion
Stadiondagbok
Aktivitetsplan
  
Komande kampar
A-menn: 
Bergsøy - Volda
10.08 - 18.30
A-kvinner:
Volda - Freidig
07.08 / 15.00
Junior:
Volda - Bergsøy
16.08 / 18.30
Danacup 2010: Bilde frå jentekampane
30.07.2010 09:59
Danacup 2010: Sluttspelkampar fredag - tre voldalag i kvartfinaler
30.07.2010 08:43
Danacup B14 - Volda ut på straffekonkurranse i 1/16 finalen
29.07.2010 22:42
Gutar 16: Tapte på straffesparkkonk. mot Råde 7-6 (1-1 ved kampslutt)
29.07.2010 21:46
Boys 19: Klar for kvartfinale etter 2-0 seier over Sandnes Ulf !
29.07.2010 21:00
Dana Cup 2010: Volda J15 er klar for kvartfinale
29.07.2010 17:50
J17: Ute av sluttspelet - tapte 3-1 for Horsens
29.07.2010 15:10
Danacup B14 B-sluttspel - Volda til 1/16 finale
29.07.2010 14:13
Boys 19: Brage IK - Volda 0-2(0-1)
29.07.2010 13:43
Danacup 2010: Volda J15 klar for 1/8-dels finale - kjempegod kamp ...
29.07.2010 10:37
Dana Cup 2010: Sluttspelkampar torsdag 29. juli
29.07.2010 00:04
Dana Cup 2010: Tap i siste kamp, men puljevinnar likevel
28.07.2010 23:22
Nytt liv for Kunstgrasbane B - oppfrisking gir bedre bane
28.07.2010 20:24
Boys 19: Klar for A-sluttspel etter klar siger over Haslum 3-1(2-0)
28.07.2010 18:51
Danacup B14 - Uavgjort mot Rakkestad - biletreportasje
28.07.2010 16:31
Dana Cup 2010: Jenter 15 er klar for A-sluttspelet - sjå Youtube-vi...
28.07.2010 14:09
Gutar 16: Volda - Munkedal 1-1(0-0)
28.07.2010 13:54
Boys 19: Volda - Rio FC (Brasil) 4-1(3-1)
28.07.2010 13:48
Danacup 2010: Pizzakveld på torsdag!
28.07.2010 08:52
Danacup 2010: Tre lag kvalifiserte for A-sluttspel
28.07.2010 08:22
Danacup: Video frå måndag - tysdag og onsdag
27.07.2010 22:25
Boys 19: Vindbjart FK - Volda 1-0 (0-0)
27.07.2010 20:21
G16: Ferroviàrio(Brasil) - Volda 2-0(0-0)
27.07.2010 20:08
Dana Cup 2010: Første Volda-siger, Hinna IL - Volda 0-3
27.07.2010 19:09
Danacup B14 - Uavgjort mot Breidablik
27.07.2010 18:27
Danacup 2010: Jenter 14 år klare for kvartfinale - Volda-Bøler 4-1
27.07.2010 12:42
J17: Volda klar for A-sluttspel!
27.07.2010 12:36
G16: Volda - Sandnes Ulf 1-2(0-0)
27.07.2010 11:11
Danacup - tap i debuten for G14
27.07.2010 11:03
Danacup 2010: Kampar og resultat tysdag 27. juli
27.07.2010 09:55
 
www.vti-fotball.no © Volda TI Fotball - 6101 Volda - styret@vti-fotball.no - Tlf klubbhuset: 70078512

Di annonse her?

Våre sider hadde
170.000 visningar
siste kalenderår.

Våre sponsorar

Klikk her for å gå til G-Sport.no


Gå til Objektsikring - Group 4 Securicor


Gå til webstaden til Kragset Eigedomsmekling


Klikk her for å gå til nettstaden til Tussa


Klikk her for å gå til Sport1 sin webstad



Gå til Nordea sin webstad


Gå til Sparebanken Møre sin webstad


Gå til Høgskulen i Volda sin webstad


Klikk her for å gå til nettstaden Rokken.no


Klikk for å gå til Rotevatn Trafikkskule sin webstad


Toshiba Varmepumper - Egset Ventilasjon AS


Klikk her for å gå til nettstaden til avisa Møre


Gå til webstaden til Aktiv trening