Dana Cup 2010: Volda J15 er klar for kvartfinaleAv: Håkon Bø [Sist endra: 29.07.2010 17:50:41]I 1/8-finalen møtte Volda J15 nok ein gong eit svensk lag, Öyeby. Jentene var skikkeleg tente og tok kommandoen frå start. Allereie etter tre minutt stod det 1-0 ved Katrine Bjørneset etter eit hardt innlegg frå Ida C. Kristiansen, som målvakta ikkje greidde å halde. Kort tid etter vart Katrine Bjørneset spelt gjennom av Mari Heggen, runda målvakta og kunne sette inn ballen til 2-0-leiing. Etter dette kriga svenskane seg tilbake i kampen, dels med bruk av ufine midlar, utan at det oppstod mange farlege situasjonar framfor den gode Volda-målvakta Thea Håskjold. Volda på si side kjempa knallhardt, spelte tidvis fin fotball utan at dei lukkast heilt i dei siste angrepstrekka. Jentene hadde brukbar kontroll bakover, og kampen ebba ut med 2-0. Dermed er jentene klare for kvartfinalen i morgon kl. 10.10. |