Dana Cup 2010: Tap i siste kamp, men puljevinnar likevelAv: Håkon Bø [Sist endra: 28.07.2010 23:22:39]Etter to strake sigrar i dei første puljekampane, møtte Volda nok ein gong eit svensk lag, Torslanda. Dette laget hadde tidlegare tapt begge sine kampar knepent, men det skulle vise at det var eit sterkt lag. Torslanda tok ei tidleg leiing, men Mari Heggen utlikna etter eit fint angrep før pause.
I andre omgang bølga spelet litt fram og tilbake før Ingrid Vikan Bø scora i krysset etter ei fin gjennomløping på vingen. Mot slutten sa det brått stopp i Volda-forsvaret, som på kort tid slapp inn tre mål og dermed 2-4. Trass i tapet, jubla jentene for puljesiger og avansement til A-sluttspelet. |