Sunnmøre Fotballkrins (SFK) ber alle klubbane om å formidle til lagleiarar/oppmenn/trenarar at dei må gjere seg kjende med det som står i ”ABC for lagledere” (sjå www.fotball.no/sunnmore). I tillegg er der eit par viktige beskjedar:
Fram til de får tilsendt kamprapportar frå SFK skal blanke kamprapportar skrivast ut frå SFK si nettside. Heimelag er ansvarleg for dette.
Det er nye dommersatsar for 2010.
SFK rår til at alle arrangørar tek kontakt med dommarane nokre dagar på førehand og forsikrar seg om at dommarane har rett tid og stad.