Gi Grasrotandelen til Volda Fotball! - Støtt VTI Fotball utan å spandere ei krone!Av: Johann Folkestad [Sist endra: 15.06.2009 11:00:35] Frå 1.mars kan du knyte tippekortet ditt til VTI-fotball.
Dermed får klubben automatisk delar av Grasrotmidlane som Norsk Tipping frå no av vil dele ut 2 gongar pr. år.
Slik gjer du for å registrere tippekortet ditt :
Når du er hjå tippekommisjonæren kan du få kortet ditt knytt til VTI-fotball slik:
1 - oppgje organisasjonsnummeret til VTI-Fotball : 981 951 921
eller
2 - be dei søkje klubben fram slik: Volda Turn og Idrettslag - Fotball
For søkjebegrepet "VTI-fotball" får kommisjonæren ikkje treff i databasen.
Det er særs viktig at alle tipparar som er knytt til fotballgruppa, spreier denne informasjonen vidare til foreldregrupper m.m.
Du kan også registrere deg på SMS. Send då meldinga: Grasrotandelen 981951921 til telfonnummer 2020.
Du får deretter ei tekstmelding tilbake med beskjed om at Volda Turn og Idrottslag Fotball har vorte registrert som grasrotmottakar.
Les meir om Volda Fotball og Grasrotandelen.
På denne nettsida kan du sjå kor mange tipparar som støttar Volda TI Fotball og kva inntekter klubben har fått gjennom ordninga.
|