Ny mann på topp på Voldas adelskalender - Atle Driveklepp har spelt 428 kampar!
For Atle Driveklepp og Volda Fotball blei treningskampen mot Bergsøy laurdag 28. mars ein merkedag: Dette var den 428. kampen Atle spelte for Voldas A-lag, og med det er Atle voldaspelaren gjennom tidene som har flest kampar. Vi gratulerer!