J17: Ute av sluttspelet - tapte 3-1 for HorsensAv: Johann Roppen [Sist endra: 31.07.2010 00:31:30]
 |
| Birte Steinsvik gir Volda 2-0 i 1/8-delsfinale mot Malvik. Birte spelar til vanleg på Dalsfjord sitt gutelag, men var utlånt til Volda på Danacup og spelte ei kjempeturnering heilt til ho vart skada under oppvarming før siste kampen. |
| I første kamp torsdag vann Volda 3-1 i ein kjempegod kamp mot Malvik, men på kveldstid vart det 3-1 tap mot danske Horsens og dermed slutt på turnerninga etter kvartfinalen. Dermed delt 5. plass på Volda J17 i Danacup. | Kvartfinale: Volda - Horsens 1-3 (0-1)
Volda møtte eit ballsikkert og velspelande lag med dyktige og raske spelarar som Volda hadde store problem med å få tak på. Men Volda heldt nullen heilt til det 20. minutt då Horsens fekk ei kontring og ei gjennomløping på midten, som vart pirka inn. Etter dette tok Volda over og var svært nær utlikning då Ingerid Flåskjer utnytta ein gedigen forsvarstabbe og skaut i stolpen - og i armane på målvakta. Andre omgang starta uheldig for Volda då Horsens fekk to straffespark tidleg i omgangen. Volda pressa høgt det siste kvarteret og fekk straffe etter at Vilde Moltudal vart hekta. Kristine Sætre sette straffa sikkert i mål, men då var det berre att tre minutt av kampen og fleire sjansar vart det ikkje.
Like før kampen starta vart både Lisa Engeset og Birte Steinsvik sett ut av spel etter uhell, og laget hadde dermed berre to innbyttarar. Horsens hadde eit døgns kvile før kampen. Når Volda likevel klarte å avslutte best i begge omgangane og spelarane sprang til krampa og kvalmen tok dei, så vitnar det om skikkelig god moral! Spelarane fortener all muleg skryt for innsatsen!
Voldas kvartfinalemotstandar Horsens vann til slutt heile turneringa etter å ha slått Amazon Grimstad 4-1 i semifinalen og Stabæk 7-6 i straffekonkurranse. Voldas motstandar i opningskampen var Fortuna Hjørring som tapte sin semifinale mot Stabæk.
1/8-dels finale: Volda - Malvik 3-1 (3-0)
Volda spelte sin beste kamp i Danacup i 1/8 delsfinalen mot Malvik. Volda var sterke over heile linja, vann duellane på midtbana og det hagla med gjennombrotspasningar. 1-0 ved Maren NorDang, 2-0 ved Birte Steinsvik etter eit kjempeinnlegg av Monica Bøstrand og Kristine Sætre gav Volda 3-0 på heading etter hjørnespark. 3-0 var også pauseresultatet og i andre omgang heldt Volda fram med godt spel, og baklengsmålet kom etter klabb og babb framfor mål. Sigeren var aldri truga, og no ventar kvartfinale mot danske Horsens. |