|
|
Dana Cup 2010: Jenter 15 er klar for A-sluttspelet - sjå Youtube-video frå kampen!Av: Håkon Bø [Sist endra: 29.07.2010 10:27:26]
| Volda starta forsiktig og vart pressa tilbake av det gode laget, Heffnersklubban BK, utan at det vart nokon særleg farlege sjansar i mot. Volda klarte ikkje å ta grep på midtbana og etablere noko angrepsspel. Heilt mot slutten av kampen vart Katrine Bjørneset skadd etter eit kraftig samanstøyt med svenskane si målvakt. Jentene beit tennene saman, og rett etter følgde Sofie Busengdal ein lang ball, og duellerte med målvakta som sendte ballen ut i feltet. Mari Heggen kunne sette returen i det opne målet til leiing 1-0. Rett etter dribla Mari Heggen seg gjennom det svenske midtforsvaret, og kunne kontrollert sette ballen til side for målvakta. Med det ebba kampen ut med strålande siger 2-0. |
|
 |
|
 |
| |
Klikk her for utskriftsvennleg versjon
|
|
|