J17: Volda klar for A-sluttspel! Av: Johann Roppen [Sist endra: 28.07.2010 20:38:11]
 |
| Voldas J17-spelarar: Bak frå venstre Karoline Heggen, Ane Serine Dimmen, Stine Aarsheim, Monica Bøstrand, Maren NorDang, Birte Steinsvik, Veronica Raisanen og Vilde Moltudal. Framme frå venstre Eva Sofie Koppen, Seline Rødal, Lisa Mari Engeset, Ragnhild Vikestrand, Kristine Sætre, Maren Woldsund og Ingerid Flåskjer. |
| Volda er klar for A-sluttspel etter siger i siste kamp i gruppespelet. Svenske Rackeby vart slått 3-0 etter at det stod 1-0 ved pause. | A-sluttspel:
Volda enda dermed på 2. plass i gruppespelet bak suverene Hjørring Fortunas førstelag. Volda skal spele åttandedelsfinale torsdag klokka 12.10 mot Malvik. Malvik kom på andreplass i si gruppe med to sigerar og eit 2-1 tap mot gruppevinnaren.
| Fortuna Hjørring |
|
3 |
3 |
0 |
0 |
13- 0 |
9 |
| Volda |
|
3 |
1 |
1 |
1 |
6- 6 |
4 |
| Kvinesdal |
|
3 |
0 |
2 |
1 |
5 9 |
2 |
| Rackeby |
|
3 |
0 |
1 |
2 |
2-11 |
1 |
3. kamp: Volda - Rackeby 3-0 (1-0)
Stine Aarsheim gav Volda leiinga 1-0 på direkte hjørnespark etter ca 5 minutt, og Volda hadde i grunnen god kontroll gjennom heile kampen. I andre omgang la Birte Steinsvik på til 2-0 før Monica Bøstrand lurte inn 3-0 midt i andre omgang.
 |
| Klare for A-sluttspel: Frå venstre Celine Rødal, Kristine Sætre, Lisa Engeset, trenar Njål Sætre og Monica Hole Bøstrand. |
|
|
2. kamp: Volda - Kvinesdal 3-3 (1-3)
Volda opna kampen på beste vis ved at Vilde Moltudal kriga inn 1-0 før det var gått eit minutt. Men Kvinesdal skulle ha all verdas flaks med seg i denne kampen, og etter tre minutt stod det 1-1 etter eit merkeleg mål der ein Kvinesdal-spelar brysta inn ein retur etter redning på streken. Volda pressa på og hadde ei rekkje gode sjansar gjennom heile første omgang, men Kvinesdal scora først på ei kontring og fekk deretter straffe etter hands i voldaforsvaret. I andre omgang la trenar Njål Sætre om til ein offensiv formasjon og spelet gjekk stort sett på ei bane omgangen gjennom, men Volda var for lite giftige framfor mål og det såg stygt ut fire minut før slutt. Kristine Sætre berga poenget for Volda då ho først vann ballen på 20 meter og skaut i nettaket. Eit flott mål!. I kampens siste minutt fekk Volda frispark på ca 25 meter, som Kristine Sætre la flatt inn i feltet. Stine Aarsheim prøvde å dempe men vart hekta og dommaren dømte straffe som Kristine Sætre sette sikkert i mål og dermed 3-3 og dermed fortsatt gode sjansar til sluttspel. Dommaren i kampen var diverre nokså usikker i mange situasjonar, til stor frustrasjon på voldabenken. Straffesparket til Volda virka først å bli dømt som utspel, men det såg ut til at dommaren skifta meining etter at Volda ropte straffe.
Situasjonen før siste gruppespelkamp var at Volda burde vinne siste kamp for å gå til A-sluttspel, men slik resultata kunne Volda også klart seg med uavgjort. Gruppas klart beste lag har vore Fortuna Hjørring som vann 3-0 over Volda og 6-0 og 4-0 i dei to andre kampane.
 |
| Vilde scorar 1-0 etter eitt minutt! |
 |
| Voldajubel! |
 |
| Celine Rødal flyg høgt! |
 |
| Dalsfjorden IL i Danacup! |
 |
| Vilde Moltudal i skotet! |
 |
| Monica Bøstrand snart speleklar. |
 |
| 3-3! Håpet om A-sluttspel lever! |
1. kamp: Volda - Fortuna Hjørring 0-3 (0-1)
Fortuna tok leiinga 1-0 på eit langskot frå 30 meter. Ballen spratt i tverrleggar, i nakken på målvakt Ragnhild Vikestrand og i mål. Fortuna hadde eit visst overtak i første omgang, hovudsakleg fordi dei var tøffare i duellane enn Volda, men første omgang var sjansefattig.
I andre omgang starta Volda betre og pressa Fortuna bakover, men på eit av Voldas angrep tidleg i andre omgang braut Fortuna og slo ei langpasning til midtsirkelen som vart slått kort tilbake og deretter ut på vingen som fekk gå, kom seg forbi backen. Skotet halvklarerte Voldas målvakt, men returen sette Fortuna i mål. Volda var framleis godt med i kampen, men mot slutten fekk Fortuna gå for uforstyrra på sida og innlegget vart sett i mål, og dermed sluttresultat 3-0. |