Petter Hove med i "Jakta på Norge sin neste toppkeeper" !!
VTI-Fotball gratulerer Petter Hove(juniorkeeper i Volda) som er mellom dei 12 som får vere med i TV-serien. I dag var 40 utvalgte samla og av dei var det 12 kom gjennom nålauget, ein sterk prestasjon av Petter. No er det berre for fotballfolket i Volda å gle seg til serien kjem på TV. Meir om serien
Onsdag 30. juni var Volda sin juniorkeeper Petter Hove på audition i Trondheim. Det gjekk veldig fint for Petter og av 60 påmeldte så vart han og 6 andre frå midt-Norge med vidare til neste runde.
TV-produksjonsselskapet Dinamo Story har, i samarbeid med Norges Fotballforbund og NRK, starta planlegginga av ein ny programserie som hentar handlinga si frå fotballmiljøet. Er det nokon gutar eller jenter (født 1993-94-95) som kan tenkje seg å vere kandidat til å vere med?