Marius Bøstrand og Olav Standal Tangen har også vore i aksjon på fotballskulen sin siste dag. Om du vil kan du sjå blinkskota deira her.
Siste dagen vart avslutta med fotballturnering, utdeling av diplom og fotballar.
Under avslutningseremonien svara deltakarane eit rungande ja på spørsmål frå Gina Rundtom om dei vil delta på neste års fotballskule. Arrangøren tolkar det som eit signal på at årets fotballskule har vore vellukka.
VTI Fotball vil takke kjekke deltakarar, instruktørar, hjelparar på kjøkkenet, vakter, rigge- og ryddegjengar ++ for strålande innsats.
Marius Bøstrand og Olav Standal Tangen har teke årets gruppebilete. Det er ikkje lett å få 230 born til å stå slik dei vil, sjå å same retning og smile samtidig, men som de ser så vart resultatet glimrande.
No startar fotballskulen! - Måndag 21. juni kl 09.00
Fotballskulen startar kvar dag kl. 09.00 Slutt kvar dag kl. 15.00 Vi tek pause (med mat) klokka 11.30 til 12.30 (puljevis). Det er ikkje tillat å forlate Volda stadion under fotballskulen. Vi minner også om at påmeldinga først er gyldig når deltakaravgifta på kr. 500,- er betalt til Bankkonto nr. 3991 05 05525. Betalingsfrist 20. juni kl 23.59. VIKTIG: Merk betalinga med Namn og alder på spelaren og Fotballskule. Les meir om fotballskulen her.