Det vart uavgjort 1-1 i OldBoys-kampen på stadion laurdag ettermiddag. Kampen, som gjekk som forkamp til damelaget sin kamp mot Byåsen, vart akkurat så jamn og sjansefattig som resultatet tilseier. Likevel viste dei gamle heltane at dei framleis kan behandle kula, dog med litt lavare tempo og litt meir pondus enn i forna dager! Rikken Grevsnes netta først for Ørsta, før Cato Ryste utlikna for heimelaget.
Her, kaptein Vidar Egset, med eit korrekt utført innsideskot!
På denne sida finn du programheftet for fotballhelga. Der står trenarkommentar frå Arild Hagen Bakke og Jens Dankertsen, laguttaka for Volda sitt herre-, dame- og old-boys lag og dessutan laga til motsandarane: Godøy, Byåsen, Tynset og Ørsta old-boys.
Volda og Ørsta møtest til old-boys kamp laurdag 4. september kl 14.00. Begge lagkapteinane arbeider intenst for å få på plass laga. Her er nokre av dei uttekne spelarane: