|
|
|
Danacup 2010: Sluttspelkampar fredag - tre voldalag i kvartfinaler |
 |
|
Tre voldalag skal spele sluttspelkampar fredag:
G19: 11.30: 1/4-finale: Volda - Byåsen (Bane 21) J15: 10.10: 1/4-finale: Volda - Borre (Bane 4) J14: 11.30: B-1/4-finale: Volda - Skepplanda/Nygård (Bane 43) | | [30. juli 2010] |
|
 |
Boys 19: Klar for kvartfinale etter 2-0 seier over Sandnes Ulf ! |
 |
Kanonkamp av gutte, tok luven av Sandnes Ulf i ein forrykande 1. omgong. Midtveis i omgongon tok Volda leiinga etter fine kombinasjonar der Isak Husøy tilslutt lurer ballen over keeper. Pause res. 1-0. 10 minutt ut i andre vil Bjørnar vise seg fram og ladar storslegga og hamrar inn 2-0 på frispark frå 20 meter. | | Les meir [29. juli 2010] |
|
 |
Dana Cup 2010: Volda J15 er klar for kvartfinale | | I 1/8-finalen møtte Volda J15 nok ein gong eit svensk lag, Öyeby. Jentene var skikkeleg tente og tok kommandoen frå start. Allereie etter tre minutt stod det 1-0 ved Katrine Bjørneset etter eit hardt innlegg frå Ida C. Kristiansen, som målvakta ikkje greidde å halde. Kort tid etter vart Katrine Bjørneset spelt gjennom av Mari Heggen, runda målvakta og kunne sette inn ballen til 2-0-leiing. Etter dette kriga svenskane seg tilbake i kampen, dels med bruk av ufine midlar, utan at det oppstod mange farlege situasjonar framfor den gode Volda-målvakta Thea Håskjold. Volda på si side kjempa knallhardt, spelte tidvis fin fotball utan at dei lukkast heilt i dei siste angrepstrekka. Jentene hadde brukbar kontroll bakover, og kampen ebba ut med 2-0. Dermed er jentene klare for kvartfinalen i morgon kl. 10.10. | [29. juli 2010] |
|
 |
|
 |
Dana Cup 2010: Sluttspelkampar torsdag 29. juli |
 |
|
I dag er det klart for sluttspelkampar i Dana Cup. Gutar junior, jenter 17 år og jenter 15 år er klare for A-sluttspel. Gutar 16 år, gutar 14 år og jenter 14 år spelar B-sluttspel. Alle dei tre laga i A-sluttspelet vann sine første kampar. | | Les meir [29. juli 2010] |
|
 |
J17: Ute av sluttspelet - tapte 3-1 for Horsens |
 |
| Birte Steinsvik gir Volda 2-0 i 1/8-delsfinale mot Malvik. Birte spelar til vanleg på Dalsfjord sitt gutelag, men var utlånt til Volda på Danacup og spelte ei kjempeturnering heilt til ho vart skada under oppvarming før siste kampen. |
| I første kamp torsdag vann Volda 3-1 i ein kjempegod kamp mot Malvik, men på kveldstid vart det 3-1 tap mot danske Horsens og dermed slutt på turnerninga etter kvartfinalen. Dermed delt 5. plass på Volda J17 i Danacup. | | Les meir [29. juli 2010] |
|
 |
Boys 19: Brage IK - Volda 0-2(0-1) |
 |
Det vart ein spennande kamp der Volda tok leiinga 1-0 etter 10 minutt. Innlegg frå Bjørnar som vert stussa i mål av Vegard Hellebust. 5 minutt før slutt vart Isak Skjærseth felt og klar straffe. Den sette som vanleg Bjørnar sikkert i mål, ein fortent 2-0 siger. Kl 1910 ventar 1/8 finalen i A-sluttspelet. | | Les meir [29. juli 2010] |
|
 |
Danacup 2010: Volda J15 klar for 1/8-dels finale - kjempegod kamp og 3-1 siger | | J15-laget spelte ein god kamp torsdag morgon då svenske Smedby vart slått 3-1. Volda tok ei tidleg leiing ved Ingrid Vikan Bø, svenskane fekk ei heldig utlikning før pause på eit sjeldant raid. I andre omgang hadde Volda full kontroll og scora tidleg etter hjørnespark før Ida C. Kristiansen fastsette sluttresultatet til 3-1. No blir det 1/8-dels finale kl 15.40. Sigersrop etter Smedby-kampen på Youtube. | [29. juli 2010] |
|
 |
Danacup: Video frå måndag - tysdag og onsdag | | [27. juli 2010] |
|
 |
Klikk her for utskriftsvennleg versjon
|
|
|