Meny

VTI Fotball

Fornya tillitt av Norges Fotballforbund

Fornya tillitt av Norges Fotballforbund

Held fram som Eat Move Sleep ambassadør

I 2018 var viambassadørklubb for NFF og BAMA si satsing for å betre folkehelsa. Gjennom konseptet Eat Move Sleep har vi spredt kunnskap og inspirasjon både i og utanfor klubben til glede for små og store.

På Ullevål stadion fekk vi i helga overrakt beviset på at vi skal vere ambassadørar også i 2019.

Skryt fra Fotballforbundet

- Volda TI Fotball er ein motivert og engasjert klubb som er opptatt av sunne verdiar. Vi er imponert over innsatsen dei gjorde for å formidle Eat Move Sleep-budskapet til spelarar, foreldre og nærmiljø i 2018, seier Frode Grodås i NFF.

Eat Move Sleep for alle

I følge helsemyndighetene bevegar vi oss generelt sett ikkje nok, vi et for lite frukt og grønt, fisk og grove kornprodukter, medan vi framleis får i oss for mykje sukker, salt og metta fett. I tillegg får ungdom mye mindre søvn enn anbefalt, samtidig som 1 av 4 voksne slit med søvnproblemer.

-Gjennom Eat Move Sleep er det mykje lettare å huske at ein bør ta bevisste valg i kvardagen. Det hjelp oss til å ha det betre – ikkje bare på idrettsbana, men også på alle andre arenaer som skule, jobb og fritid der ein er avhengig av overskot, konsentrasjon og godt humør, seier Håkon Andersen i BAMA.

Fortsatt mykje å jobbe med

Det forpliktar å være ein Ambassadørklubb. I 2018 gjorde vi monge positive endringar, og det er kjekt at medlemmane våre støttar opp om dei gode verdiene i Eat Move Sleep. Vi skal motivere alle til å gå og sykle til og frå trening og kamp så langt det let seg gjere, vi skal sørge for at det stadig vert fleire sunne alternativ i kiosken, og vi skal arbeide med å få unge til å praktisere «Ingen likes etter leggetid» for betre søvn.

I tillegg skal vi som ambassadørklubb arrangere ein egen Eat Move Sleep Cup, der både spelarar og tilskodarar vil lære meir om kor viktig det er å ha eit sunt og godt kosthald, og få nok fysisk aktivitet og søvn.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny