Meny

VTI Fotball

Vi har ingen å miste – infomøte om trygg trafikk og mørkekøyring!

Vi har ingen å miste – infomøte om trygg trafikk og mørkekøyring!

Volda Fotball og Rotevatn Trafikkskule (v/Kjell Erik Rotevatn) inviterar saman til infomøte om trygg trafikk og mørkekøyring på klubbhuset på stadion, ONSDAG 14.11.18 kl 18.00. Vi har i dag nesten 500 medlemmar og mange av desse saman med motstandarlag, dommarar, foreldre, slekt og vener er innom stadion fleire gongar i veka. Dette gjer at her er ein enorm trafikk av både mjuke og «harde» trafikantar, noko som kan føre til farlege situasjonar. Som kvalitetsklubb i Sunnmøre Fotballkrets skal klubben delta i samfunn og verdiarbeid, der ein del av dette er å sørgje for trygg trafikk.

Vinteren nermar seg med stormskritt, noko som medfører mindre dagslys og glatte vegar. I den samanheng er det ekstra viktig å gjere seg godt synleg i trafikken for å minske risikoen for farlege situasjonar. På møtet vil det også bli gitt informasjon om følgjande:

Korleis gjere den private øvelseskøyringa mest mogeleg effektiv?
Korleis gjennomfører ein trafikkskule dei forskjellege tema i opplæringa?
Generell informasjon om Rotevatn Trafikkskule

Vi oppmodar alle medlemmar om å delta på infomøtet rundt dette ekstremt viktige temaet!

Det vert enkel servering av frukt/kaffi/vatn. Vel møtt!

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny