Meny

VTI Fotball

Treningshelg for Volda J 2008 15-17 mars

Treningshelg for Volda J 2008 15-17 mars

Kvinnelige rollemodellar

Volda jenter 2008 har i helga arrangert minitreningsleir. På fredag starta det med ei kvelds-ykt der spelarane frå Volda damelag hadde stilt opp med heile 5 stk for å trene dei. Dette var veldig stas for jentene. Det å ha kvinnelige trenarar å sjå opp til er kjempeviktig for jentene. Dei har nokon å sjå opp til, ha positive førebilete å ha nokon å strekkje seg etter, er veldig viktig i kvinnefotballen. Det var også veldig kjekt at dei kom med eit par nye øvelsar når det gjeld både teknikktrening og spilleøvelsar. Dette var øvelsar som dei brukte på A-lags treningane, litt forenkla til aldersgruppa og dette ga inspirasjon til jentene og meg som trenar. Til slutt blei det spela fotball, J2008 mot dei 5 frå Volda A- lag. Konkurranseinstinktet var stort både for store og små, og alle gav alt og stillinga vart 4-4. På lørdag føremiddag stilte også 3 spelarar fra A- laget opp for å trene jentene på formiddagen. Man treng ikkje reise i det heile tatt for å finne rollemodellar for jentene, og det å bruke ressursar innad i klubben er viktig. Tilbakemeldingane frå dei som stilte opp og trente jentene var at dette var kjekt å gav meirsmak. Vi har allerede snakka saman om at dette er noko vi skal gjere oftare. Vi har også snakka om at jenter 2008 skal kome å være balljenter i seriekamp og at spelarane frå A-laget til Volda kan kome og heie på jenter 2008 når dei har seriekamp. Alt dette fordi at det å ha kvinnelige forbilde for jenter er kjempeviktig.

Vi i Volda J 2008 er veldig takksame for at spelarane fra Volda A-Lag stilte så monge til å trene dei. Tusen takk:)

Sosial aktiviteter og teambuilding

Sosiale aktivitetar og å gjere ting utanfor trening og kamp føre til samhald, tryggheit og et godt lagmiljø som igjen fører til mestring og utvikling på kvar enkelt spelar og laget. Dette kan føre til at man får et mestringsklima og gjer slik at jentene tør å prøve igjen og igjen, helt til dei klarer feks et skot og ei pasning. I helgas minitreningsleir har vi hatt veldig mykje fokus på oppgaver der jentene skulle samarbeide for å skape noko saman. Vi begynte med å dele jentene inn i 3 grupper, der eine gruppa laga forett, andre hovedrett og siste gruppa dessert. I tillegg skulle gruppene lage ein tale, sang, dikt eller liknnande. Det var frivillig korleis dei skulle løyse oppgava og jentene fikk være kreative og bruke fantasien sin. Dei serverte rettane til kvarandre og stod gruppevis og framførte dikt, sang og rollespel. Det var store smil blant jentene og det å stå å framføre for andre er god læring og god sjølvtillit og sjølvfølelse.

Andre teambuildingsoppgaver var å ha ertekappløp, bygg høgast mulig tårn av spagetti og marsmellows, kven klarer å unngå at egget sprekk fra 2 meters høgde. Alt dette gir smil, tryggheit, samarbeid, trivsel og lagkjensle som jentene kan ta med seg på bana.

Den siste oppgava jentene fikk i helgen var at alle skulle gi ros på papir, om kvar av lagvenninnene sine. Dei fikk sjølv bestemme om det skulle vere frå bana, eller om fokuset skulle vere personlig. Vi samla all rosen på en side og dette blei premie som var rammet inn. Treneren leste opp kva dei andre hadde sagt om kvarandre som ei avslutning på treningsleiren. Det var stolte jenter som fikk premien sin, dei strålte og var tydelige stolte.

Kamp mot guttelag

I ein treningsleir er det viktig at man også har eit par kampar å sjå frem til. Etter samtalar med jentene var dei heilt klar på at dei ville spele mot gutar og dei ville helst spele mot de som var jamngamle. Eg snakka med trenerne til G 2008 og G 2009 som begge stilte mannstrerke opp og spelte mot oss på laurdag og søndag. Det er heilt klart at det er tøft å spele mot gutar, men jentene klarte seg bra, hadde bra pasningsspel og flottinnsats. Dette gjer helt klar våre jenter tøffare og vi har igjen for det seinare i sesongen. Man treng heller ikkje reise longt for å møte god motstand, da man kan arrangere treningskampar innad i klubben for å få bra matching. Takk til alle foreldra, spelarar og trenarar fra G 2008 og G 2009 som stilte seg positive til dette og veldig kjekt at så monge kom å såg på.

Å være fotballtrenar handla ikkje berre om å trene spelarar men handla og om å bygge personar og bygge relasjoner med kvarandre både på og utanfor fotballbana. Det handla om å sjå kvar enkelt, å legge til rette et miljø som alle trivast i. Alt dette føre til at samspelet på fotballbana også blir betre.

Dette er grunnen til at eg arrangerte minitreningsleir for mine jenter i helga, og etter tilbakemelding frå jentene sjølv og foreldra er dette noko vi har lyst å gjere igjen.

Jimmy Grønli Trenar Volda J2008

J2008 sosialt



J2008 sosialt 1


J2008 kamp


J2008 sosialt 2


J2008 trening


J2008 kamp 2

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny