Meny

VTI Fotball

Trenarteamet rundt damelaget er klart

Trenarteamet rundt damelaget er klart

To nye spelarar har også signert

Sesongoppkøyringa for damelaget er godt i gong og Ole Per Kragset har signert ei ny kontrakt som gjer at han held fram som hovudtrenar komande sesong. Knut Hagen held også fram som assistent-/keepertrenar i tillegg til at Bjørn Heggen kjem inn som assistenttrenar. Med dette har vi ein trio med stor kompetanse, samtidig som dei jobbar godt i lag for å utvikle både dame- og jentefotballen vidare.

Vi er svært fornøgde med denne løysinga og håper dei mange unge spelarane kan fortsette utviklinga mot å bli eit lag som skal kjempe om opprykk til 2.divisjon. Fleire unge og særs treningsvillige jenter eg på veg opp frå eigne rekkjer, noko som er svært gledeleg å sjå!

I tillegg til dette har Therese Holstad og Anna Nygård Thunem, begge meldt overgong frå Hødd til Volda. Therese er i hovudsak midtbanespelar, medan Anna vert å finne i angrepsleddet. Vi er svært glade for at dei vel å kombinere studie og fotball i Volda!


Therese og anna

Bilete: f.v Anna Nygård Thunem og Therese Holstad

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny