Meny

VTI Fotball

Superhelg i seniorfotballen

Superhelg i seniorfotballen

Sett av helga til avgjerande kampar på Volda stadion!

Fredag er det seriefinale i 4. divisjon når herrelaget tek imot Bergsøy kl. 18.30. Laurdag er det klart for kvalifisering for opprykk til 2. divisjon når damelaget møter Surnadal/Søya/Todalen.

Herrelaget vil bli seriemeistrar fredag med siger eller uavgjort mot Bergsøy, som før sesongen var tippa som den store seriefavoritten.

Volda på si side var tippa eit stykke nede på tabellen, men har levert ein strålande sesong med eit lokalt lag beståande av ein mix av rutinerte klubbspelarar og framandstormande unggutar.

Volda har eit tap på sine 24 siste kampar sidan mars, derav 19 som har enda med siger. Laget har så langt i haust ei målforskjell på 30-4, og har ikkje sluppe inn mål på over seks timar.

Bergsøy har også hatt ein god sesong, og Volda og Bergsøy har bytta på å hatt tabelleiinga i haust. No er imidlertid Volda i tet, og kan gjere det heilt store fredag i det som heilt sikkert vert ein tett og spanande kamp. Kom på stadion og gi Volda di støtte!

Damelaget har innfridd favorittstempelet dei fekk før sesongen om å verte laget som klarer kvalifiseringsplassen.

Volda har vunne 12 av 16 kampar, og enda på 2. plass på tabellen, fire poeng bak Herd 2. Ålesund-klubben kan imidlertid ikkje rykke opp, og dermed skal Volda ut i kvalifisering over to kampar.

Laurdag er det klart for fyrste oppgjer i kampen om opprykk. Motstandar er Surnadal/Søya/Todalen, som vann 10 av 15 kampar i årets serie.

Bortelaget skal få det tøft på Volda stadion, der grøntrøyene har vunne sju av åtte seriekampar denne sesongen. Etter to år i 3. divisjon, er jentene no klare for å ta steget opp ein divisjon. 

Begge kampane vert spelt på Kragsetbana. Det vert open kiosk og speakertjeneste. Om du kjøper kampbillett fredag er denne også gyldig for kampen laurdag! Vel møtt til spennande kampar på Volda stadion!

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny