Meny

VTI Fotball

Stor dag for VTI Fotball

Stor dag for VTI Fotball

Vi fornyar hovedanlegget på Volda Stadion!

(Foto: Møre)

Dei siste åra har det blitt investert store summar i anleggsutvikling på Volda Stadion, men hovudbana med tilhøyrande fasilitetar har framleis stort behov for fornying. I litt over eitt år har vi difor jobba med å utarbeide eit prosjekt for utvikling av hovudanlegget.

Prosjektet består av fem delprosjekt.

  1. Nytt kunstgras med pad og vatningsanlegg
  2. Totalrenovering av garderobeanlegget
  3. Rive gamle klubbhuset og bygge nytt lager mellom innbyttarbenkane
  4. Utvide tribunetaket og nye tribunestolar
  5. Skifte til LED flomlys

Kostnadsramma til prosjektet er 10-11 millionar og noko klubben ikkje klarer å løfte utan økonomisk hjelp frå andre. Vår fantastiske generalsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre går inn med eit stort økonomisk bidrag, noko som er heilt avgjerande for at vi no kan arbeide vidare med prosjektet. Vi er særs takknemlige for denne støtta som gjer at vi som klubb kan halde fram utviklinga, samtidig som dette er eit stor bidrag for større aktivitet og betre folkehelse i Volda kommune. Dagleg er det full aktivitet frå skular, barnehagar, FFO og eigne lag frå tidleg morgon til seint på kveld og ofte på alle banene samtidig. Vi heiar på aktivitet, god folkehelse, trygge rammer og utvikling for små og store.

LagerLagerbyggTribuneTribune 1

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny