Meny

VTI Fotball

Sparebanken Vest Cup 2019 - J2006

Sparebanken Vest Cup 2019 - J2006

VTI har ein entusiastisk gjeng med 2006-jenter. I slutten av januar reiste dei til Måløy på si første «vaksenturnering» og kom heim rikare på både erfaringar og pokalar.

Det var ein spent gjeng med jenter som entra VTI-bussen på laurdagsmorgonen. Ei turnering med sluttspel var nytt for dei aller fleste, så her måtte vi vere «på» frå første spark på ballen. I Nordfjordhallen venta små baner, 5-arfotball, høgt tempo og lag vi ikkje hadde møtt før.

Dei to laga våre vart plasserte i kvar sine puljer og det synte seg fort at det var forskjell på puljene. Volda2 gjekk på tap i sine første kampar mot Hafslo og Blindheim1, medan Volda1 vann sine to kampar mot Florø og Heia. Den tøffe motstanden i starten var skjerpande for Volda2, så dei kom sterkt tilbake i sine to siste innleiande kampar. Her vart det siger både mot Skavøypoll1 og Åheim. Volda1 var nok litt prega av to relativt enkle kampar i starten og gjekk på eit tap i sin tredje kamp mot Blindheim2 og fekk uavgjort i sin siste innleiande kamp mot Skavøypoll2.

Etter dei innleiande rundene var det då eit poeng som skilde Volda1 og Volda2, og vi vart plasserte i kvar sine sluttspel. I A-sluttspelet gjekk Volda2 vidare til semifinale, der Hafslo vart eit par nummer for store for våre jenter. Hafslo gjekk gjennom turneringa utan å avgi poeng og vann turneringa fortent. Volda2 fekk ein flott tredjeplass! Det var likevel B-sluttspelet som kjem til å bli hugsa av alle som var i hallen denne laurdagen. Voldajentene tok seg til B-finale og skulle møte Heia i kampen om den store pokalen i B-sluttspelet. I sluttsekunda utlikna Volda til 2-2 og vi var klare for straffesparkkonkurranse. Her måtte laga skyte heile 10 straffer kvar før Volda vart kåra til vinnar! Ein meir dramatisk fotballkamp trur eg neppe nokon kjem til å oppleve, og jentene hadde heile hallen som tilskodarar i dei dramatiske sluttminutta!

Det var kjekt å få starte å fylle premieskapet til J-2006! No ser vi fram til sesongstart!

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny