Meny

VTI Fotball

Tine Fotballskule 2020!

Tine Fotballskule 2020!

NB NB NB: LAURDAG 09.08 kl 00.03 skal det vere sendt ut epost til samtlege føresette til deltakarar på fotballskulen. Om DU ikkje har fått: kontakt Solveig på solveig@vti-fotball.no

Invitasjon Tine Fotballskule 2020


JA, endelig et arrangement!!

Frå 10-14.august kan vi med glede ynskje velkomen til Tine fotballskule på Volda stadion for jenter og gutar 6 – 12 år! Det er pr no 75 påmeldte, heilt greit fordelt utover puljene, så vi skal få til eit kjekt solid trygt opplegg for dei påmeldte!! :-)

Det ER plass til nokre til, ta kontakt!

OPPMØTE er under tribunetaket på Volda Stadion MANDAG 10.aug kl 08.55 (vi starter infoen kl 0900).

Dei som ikkje skal vere der mandagen, møter 08.55 på tribuna den dagen dei er satt opp, og vert sjølvsagt tatt godt imot der :-)

Konkret info om mat - kiosk - lunsj - frukt kjem i løpet av fredag.

Også smitteverntiltak!

Vi drøyer infoen lengst mogleg for å sjå korleis vi kan gjere det.

Vi har god dialog med Bent Ingebrigtsen (fungerende kommuneoverlege) på det!

Om det skulle vere noko, kva som helst: Solveig@vti-fotball.no



Opningstida er måndag til fredag 09.00 – 15.00 (du kan velje 3, 4 eller 5 dagar).

Trivsel, leik og FairPlay er dei viktigste momenta når vi planlegg eit godt sportsleg og sosialt tilbod.
Instruktørane er ein engasjert, dyktig og flott gjeng, med ungdommar og unge vaksne frå klubben. Dei vert grundig instruert på førehand både når det gjeld innhald og trygge rammer.

Gruppestorleik og -samansetning ser vi an med tanke på gjeldande smittevernreglar, men vi etterstreber så lite rokkering som mogleg på gruppene og instruktørane.

Ein dag på fotballskulen ser ca slik ut:
09.00: oppmøte, registrering, fordeling i grupper
09.45: Hei og hå / Leik og moro (litt utvida bli-kjent-opplegg på mandagen)
10.00: Øvingar
11.30 – 12.30: Måltid og moglegheit for kiosk
12.30 – 14.30: Øvingar
14.30 – 15.00: Samling, takk for i dag 😊 (ser vi an mtp korona-reglar)

Om nokon treng å ha lenger dag (til 16.00): gi beskjed, vi løyser det!

Slik det ser ut pr dags dato, så kjem vi til å ha open kiosk kvar dag, med eit enkelt utval (is, popcorn og drikke).

Vi trur også at vi skal få til eit system som gjer at vi kan ha lunsjservering kvar dag. Om det ikkje let seg gjere, vil vi sende ut informasjon om at alle må ha matpakke. Drikke får dei på stadion. Vi satsar sjølvsagt også på at vi får servere frukt!

Korleis vi gjer det mtp kampar mellom gruppene må vi sjå an, men i utgangspunktet vert det kampar onsdag og fredag.

Eine posten i programmet brukar å handle om å lage eit show. Song, dans, kreativitet.
Vi har brukt å ha ei populær framføring av det. Det må vi også sjå an når det gjeld blanding av gruppe og fellessamling.

VELKOMEN!!!!

Vi gler oss 😊

Påmeldingsskjema til Tine Fotballskule finn du her:

Påmeldingsskjema Tine Fotballskule 2020


For spørsmål kring Tine fotballskule: solveig@vti-fotball.no
For spørsmål kring betaling: runar@vti-fotball.no
For spørsmål kring kobling FFO og Tine: arild@vti-fotball.no


NY INFO: 
Det har vore litt krøll med påmeldingsskjemaet, som gjer at ikkje alle har fått epostbekrefting etter påmelding. Så nokre er usikre på om dei har meldt på eller ikkje. Ingen problem :-) 
FREDAG (02.aug) sender eg ut ein epost til alle påmeldte. Dersom DU ikkje mottek epost: ta kontakt på solveig@vti-fotball.no. Det ordner seg sjølvsagt! Om du syns det er lenge å vente til fredag: send epost, eg responderer omlag 24/7 no. 

Kommuneoverlegen i Volda er på ferie til etter fotballskulen, så vi har sendt epost til stedfortreder. Vi avventer respons derifrå for å sikre at opplegget vert heilt etter forskriftene! Meir info kjem! 

Ja, det er heilt lov å sende inn ønske om kven ein gjerne vil vere på gruppe med. Vi tek hensyn til det så langt vi kan. Slik det ser ut til no, så vil alle som er same alderstrinn vere samla i ei gruppe. Men dersom nokon grupper må delast, så tek vi hensyn i fht skule etc. 

Påmeldingsstatus pr dags dato viser ei klar overvekt på man-ons, med litt færre på tors og fre. 


Igjen: ta kontakt om det skulle vere noko! Spør i vei :-) 

Vi driv og kjem oss opp på hesten igjen etter ei lang permitteringstid, så det er mange ballar i lufta, men vi prøver å respondere så tydelig og kjapt som råd :-)


Mvh Adm Volda Fotball

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Ose A/S
Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Eurosko
Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny