Meny

VTI Fotball

Påmelding FFO 2020/2021 er åpent

Påmelding FFO 2020/2021 er åpent

Trykk her for skjema.

Påmeldingsskjema


FFOcollage

7 ting som er greit å huske på:

1: PÅMELDINGSFRIST:

Påmeldingsfristen FFO (1-4 klasse) er 1 april (hovudopptak).

Påmeldingsfristen FFO+ (5-7 klasse) er 1 mai (hovudopptak).

Det er òg mogleg å melde seg på gjennom heile året.

2: ANTALL BORN:

Maks antall born per dag har blitt satt til 90. Grunnen er logistikk og for å forsikre oss om at vi til ei kvar tid har tilstrekkelig med vaksenressursar for å i møtekome våre eigne krav som står i vedtektene. Det handler òg om garderobekapasiteten vi har på klubbhuset. Vil derfor anbefale dykk om å melde på tidleg.

3: VAL AV DAGAR FOTBALL/ALT. AKTIVITET:

Som i 2019/20 så vel dykk føresette kun antall dagar med fotball og alternativ aktivitet. Vi setter opp grupper ut frå vår kjennskap til borna som bygger på alder, kjønn, skule og korleis borna fungerer saman i grupper med andre born.

4: KORLEIS EIN DAG SER UT PÅ FFO:

Vi har dei siste åra prøvd ulike måtar å drifte dagane på for å imøtekomme alle borna sine behov og ønskjer. Det vi har landa på som ser ut til å fungere veldig bra er frileik frå borna er ferdige å ete mat (noko dei gjer med ein gong dei ankommer stadion). Då står borna fritt til å leike ute på området på stadion (klatrepark, skatepark, fotballbane eller bare i den frie naturen vi har tett på fotballbanene) eller inne i MØREhallen. Vi har fra ca. 14:45-15:15/15:30 styrt aktivitet med vaksne i grupper på 6-15 born med fotball. Frå 15:15/15:30-16:00 er det valfrie aktivtetar med stor variasjon styrt av vaksne. Her kan dei velge blant annet fotball (kamp), uteaktivitetar eller andre ballidrettar for å nemne noko. Frå 16:00-16:30 blir det servert frukt på klubbhuset og klubbhuset blir stengt 16:30.

5: LEIK OG MORO:

Omtrent kvar fotballtrening og alle øvingar vi har med borna spesielt i dei yngste klassene er leikprega. Vi opplever ofte at born som egentlig ikkje er så veldig stor fan av fotball finn aktivitetane morosame og ynskjer å halde fram med leikane sjølv om det òg er med ball.

6: LEKSETID/LEKSEHJELP:

Vi har heilt siden oppstart hatt eit tilbod om leksetid på FFO. Vi ynskjer å utvide dette tilbodet ekstra og startar derfor med leksehjelp. Leksehjelp vert eit tilleggstilbod for vi kjem til å tilby borna leksetid, men då kun med oppsyn frå ein vaksen for å halde ro. Leksehjelp skal vere i 2 etg på klubbhuset og det vil vere 2 ansatte tilstades, ein tilsett for å lese inn leselekse på eit stille rom og ein tilsett for å hjelpe dei som treng hjelp til skrivelekse. Antall tilsette skal sjølvsagt tilfredstille antallet born som melder seg på leksehjelp. Det vil leksehjelp 2 dagar i veka (mandag og onsdag) og det blir i tidsrommet 16:00-16:45 - det blir servert eit fruktmåltid til dei som ikkje skal på trening etterpå og mat + frukt til dei som skal på trening 16:30 eller 17:00. Prisen blir 200,- pr. mnd. og ein binder seg opp for 3 mnd. ved påmelding.

7: CAMPAR:

Vi har ingen planleggingsdagar og held åpent alle dagar med unntak av raude dagar. Dette er sjølvsagt om vi har nok born påmeldt dei ulike dagane. Vi har satt eit tak på 10 born per dag for å halde åpent, ser vi at påmeldinga er litt lågare enn 10, men konsentrert innenfor ein viss aldersforskjell så held vi likevel åpent, men det handlar i bunn å grunn om å ha mest mogleg trivsel for borna. Dei som går på FFO får kraftig redusert pris enn dei eksterne og ut i frå antall dagar ein er påmeldt blir det prisa.

Eks:

Vinter-camp 1 dag:

FFO 1-3 dagar: 165,-

FFO 4-5 dagar: 135,-

Eksterne: 255,-

Det skal og seiast at vi prøver å gjere så mykje variert aktivitet som mogleg og vi har f.eks hatt turar til Loen Skylift (rent på akebrett), Hakkalegarden, skidag på Reset og i Hornindal, sykkelturar og fisketurar.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Ose A/S
Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Eurosko
Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny