Meny

VTI Fotball

Nysigneringar for herrelaget før årets sesong

Nysigneringar for herrelaget før årets sesong

Sesongstart nermar seg og herrelaget har lagt bak seg 3 månadar med god trening. Ein del skade har det vore, men god oppfølging frå Optimal Helseklinikk har gjort at dei aller fleste no er skadefrie.

Til helga ventar treningshelg i Sogndal saman med damelaget, noko vi ser fram til. Her skal det drillast formasjon og dødballar fram mot seriestart, samtidig som det sosiale skal pleiast. Herrelaget har fleire nye spelarar i troppen i år, så dette er ei glimrande mogelegheit til å «sveise saman» gruppa. Av yngre spelarar har Eirik Bjørdal, Johannes Lien Bischoff, Jostein Holsvik Eriksen, Bjørn Otto Holsvik og Markus Meek Pedersen trent fast med laget i det aller meste av sesongoppkøyringa. Vebjørn Osdal har tatt steget opp frå Volda 2 og han har imponert stort gjennom vinteren. Kjekt å sjå at hardt arbeid gir resultat! I tillegg til dette har Khalil Abouzari returnert etter ei periode i Rollon i samband med studie.

Av eksterne spelarar har tre nye kome til sidan fjorårets sesong. Allan Levi Melby (keeper), Harry Brooks (keeper) og Dennis Pettersen har alle signert og er klare for årets sesong. Allan og Harry vil danne årets keeperteam saman med Tore Sørheim som også har trent bra i vinter. Harry er frå Kent i England og kom til Volda i mars. Ein flott person som vi håpar alle tek godt i mot!

Vi gler oss til sesongstart og håpar å sjå akkurat deg på stadion i år!

Dennis Pettersen