Meny

VTI Fotball

Lars-Petter Rønnestad tilsett som marknadsansvarleg

Lars-Petter Rønnestad tilsett som marknadsansvarleg

Lars-Petter Rønnestad er frå og med i dag (02.09.19) tilsett i ei deltidsstilling som marknadsansvarleg i VTI-Fotball. Grunna mange forskjellege store oppgåver for klubbleiar i 80% stilling, har vi sett behovet for å få inn ein person som jobbar dedikert mot marknad. Lars-Petter har brei erfaring med denne type arbeid frå andre klubbar og vi er særs glade for at vi no får nytte oss av kunnskapen og erfaringa han har. Han vil sjølvsagt også halde fram med jobben han har som trenar for herrelaget i 4.divisjon.

I tillegg til å vere marknadsansvarleg vil Lars-Petter også få hovudansvar for fotballopplegget (Voldaproff) på FFO-campar, samt opplegg og gjennomføring av FFO+. Dette er vi sikre på vil bidra til eit svært godt og profesjonelt opplegg for våre eldste FFO-deltakarar, noko som forhåpentlegvis også vil føre til at vi får enda fleire unge og gode fotballspelarar i Volda.

Mailadresse til Lars-Petter er:

lp@vti-fotball.no

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Ose A/S
Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Eurosko
Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny