Meny

VTI Fotball

Lars-Petter Rønnestad ny Volda-trenar!

Lars-Petter Rønnestad ny Volda-trenar!

Har signert ei kontrakt ut 2020.

​Vi er strålande fornøgde med å kunne offentleggjere Lars-Petter Rønnestad som ny hovudtrenar for Volda sitt herrelag i 4.divisjon. Lars-Petter har tidlegare vore trenar i blant anna Bergsøy, Brann og Hødd, men har dei siste åra hatt ei pause frå trenargjerninga.

  • -Vi har hatt kontakta i mange år utan at det har passa, men denne gongen var tidspunktet rett for både Volda og meg. Sjølv er eg veldig motivert til å kome meg tilbake på treningsfeltet. Eg har sett A-laget til Volda fleire gongar i år, og det verkar som ein bra kameratgjeng. I tillegg er der nokre spennande typer på veg opp, og det var viktig for at eg skulle ta jobben.

Ambisjonar

Etter nedrykket i 2016 har laget levert to sesongar i 4.divisjon med «blanda drops», der ein har mangla stabiliteten gjennom ein heil sesong for å kunne kjempe heilt i toppen om opprykk. Lars-Petter har gjort seg opp sine tankar om kva han meiner bør vere fokus og ambisjonsnivå for klubben og laget dei neste sesongane:

  • -Når det gjeld ambisjonar med Volda så har eg tru på det å trene mykje og trene godt. Vi skal også ha ein klar identitet i spelet vårt. Og så må vi le mykje og ha det kjekt saman. Då kjem vi til å utvikle oss og gjere det bra. Eg meiner at ein klubb som Volda skal ha ambisjonar om å kjempe heilt i toppen av 4. divisjon, kvart år. Det må difor vere målsettinga allereie i 2019.
Vi ynskjer Lars-Petter hjarteleg velkomen og ser fram til spennande sesongar i åra som kjem!

Rønnestad signering 2

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny