Meny

VTI Fotball

Kiwi HALLcup 2019 i Volda

Kiwi HALLcup 2019 i Volda

Uansett kor førebudd og spennklar vi er i både nemnda, og på dugnadspostar, så kjem cupen med eit brak. Det er like hektisk i oppstartstimane kvart einaste år. Og vi diggar det! Puls og flust med kjekke folk som gleder seg til å innta bana, trenarbenk og tilskodarposisjon 😊

Instruksane ligg klar på kvar ein post, kvart år vert eit eller anna endra…. Å sitte i nemnd, kjenne på at folk tek ting på strak arm, det er smil over heile linja… FOR ei medlemsmasse!

Vi trur at når foreldra ser kor himla bra borna her det, så vert det litt ekstra kjekt å bidra. Men vi har respekt for, og er audmjuke; vi veit at mange har tronge tidsskjema, at nokre må ordne med barnepass, jobbvaktbytte, at nokre ligg rett ut dagen etter fordi energien strekk til ei slik vakt men ikkje meir, at nokre ordnar bytte og får sendt ein ven på vakt, at nokre stiller på ekstra fordi andre ikkje kan, at nokre tek 3 økter sjølv om det er fritak for born nr 3 («kjekt og sosialt her»).

Vi har om lag 30 på post til ei kvar tid, og vi har ca 8 skift, altså 240 funksjonærar i sving + dommarar + dei som leverer mat… = eit stort apparat som sørger for at over 1000 born får ei solid, trygg og god fotballhelg!

FREDAG var det Jenter 14 år som opna cupen i Volda. Heimelaget Volda, og cupsamarbeidsheimelaget Ørsta fekk ta imot vår gode nabo Hødd, samt tilreisande MSIL (Mauseidvåg/Solevåg), Aksla og TMFK (Tornado Måløy). FOR EIN FLOTT GJENG MED FOTBALLJENTER!

Innleiande gjekk knirkefritt med FairPlayfokus frå alle partar, dyktige A-lag Herre stilte som dommarar, og DJ Mounir haldt stødig kontroll i Speakerboda. Det vart forholdsvis jamne kampar, og mykje godt spel.
HØDD gjekk av med sigeren etter seier over Ørsta i Semi, og Volda i Finala. Sjarmprisen gjekk til ein sprudlande TMFK-gjeng, som fekk sjokoladekake for 4.plassen, til heimvegen med kolonnekøyring og anna 😊 TAKK FOR NO JENTER <3

LAURDAGEN hadde vi ein «interndag» i Mørehallen. Sjølv om vi i år kunne juble for rekordpåmelding og mange fleire eksterne lag, så var det tre puljer som vart grøne og kvite, med unntak av eit kjekt raudt innrykk frå Hovdebygda G12.
G13 + J13 + G12 spelte difor interncup med innleiande og sluttspel i Mørehallen heile laurdagen. Og om nokon på G13 hadde tenkt på førehand at det her vart lett match, så måtte dei tenke seg om igjen, og gire opp! Verken 12åringane eller 13års-jentene var easymatch. Med topp stemning i hallen, gjekk til slutt Volda G13 sigrande ut av cupen mot Ørsta G13.

SØNDAGEN var STORdagen i Volda, da kom det storinnrykk av dei aller minste stjernene, dei kule håpefulle vi har på Sunnmøre og i Nordfjord/Sogn. Ca 50 lag, like i underkant av 400 spelarar, var i sving i løpet av nokre rimeleg hektiske kjekke timar søndagen. Når dei minste er på bana kjem besteforeldre, syskjen, tante og onklar og endatil nokre naboar for å heie, det merkast på trøkk og stemning i hallen!

Tusen takk til Eivind for utlån av hoppeslott, hoppehinderløype, og dei to nye svært populære attraksjonane: «wokamok» og Wipeout. Wipeout vart så populær at borna knapt hadde tid til å spele fotball 😉
Eit fantastisk aktivitetsområde som gjer at Kiwi Hallcup er knallmoro for alle syskjen også 😊