Meny

VTI Fotball

Info FFO - oppstart 27 april

Info FFO - oppstart 27 april

Til alle foreldre med barn på FFO

12. mars, ein dato vi vil hugse, kanskje så lenge vi lever. Da kom regjeringa med dei mest inngripande tiltaka i fredstid, noko som innebar at vi måtte stenge dørene på klubbhuset. Eit særs inngripande tiltak for klubben, for oss som har arbeidsplassen vår på stadion, og for veldig mange medlemmar. Styret og administrasjonen i VTI fotball har til ei kvar tid følgt gjeldande retningslinjer både for klubbdrift og FFO. Det vil vi sjølvsagt halde fram med! Noko som gjer at vi no er på ballen når det gjeld å starte opp igjen med lagstrening for enkelte lag, under strenge koronareglar, OG vi vil etter kvart ha ei roleg opning av FFO, 100% etter gjeldande retningslinjer.
Vi må diverre også ta hensyn til at vi ikkje kjem under regjeringas krisepakke på same måte som private og kommunale barnehagar, samt SFO. Vi får ikkje den same kompensasjonen for tapte inntekter, noko som gjer at vi løpande må vurdere kva vi kan få til når det gjeld økonomi, innanfor gjeldande retningslinjer. Heldigvis har vi ei sunn klubbdrift, eit godt system i ein ryddig organisasjon, trygge rammer, fantastiske ansatte, solide sponsorar og ei dugnadsånd som ein berre må bøye seg i støvet for. Det gjer at vi ikkje brekk ryggen som følgje av dette (dersom det ikkje dreg årevis ut).

Tida etter 12. mars har vore utfordrande og spesiell og tida som kjem no framover kan bli minst like utfordrande. Vonleg er vi på veg tilbake til meir normalitet, men også ein ny veg å gå. Spenning, usikkerheit, frustrasjon, redsel… Ingen VEIT heilt kva som er fasit, kva som er det rette og korleis ting må og bør gjerast. VI har tatt eit val, vi tok det 12. mars; vi stoler på styresmaktene. Vi held fram med det. Vi har ikkje betre info eller meir kompetanse enn dei. Det vil seie at det ser ut til at vi får opne, at vi får starte noko drift, i låg skala, under strenge kraftige retningslinjer. Vi er klar. Klar for å følgje det.

Barnehagane er berre få dagar unne å opne igjen og FFO/SFO vert kanskje det neste steget. Vi har på noverande tidspunkt ikkje nok informasjon til å seie verken korleis, kva, når eller kven. Vi veit ikkje.

Vi ser mange utfordringar; idretten vår er ein kontaktsport, born frå fleire skular er i utgangspunktet saman, born på tvers av alder er til vanleg miksa, lokalitetane, været, på ein vanleg FFOdag er det lagt opp til mykje frileik, moro, høgt og lavt i store og små grupper. Vi ser at tida framover ikkje vert nett slik, men vi ligg i eit fantastisk område og vi har mykje å spele på. Vi har kreative, engasjerte, dyktige tilsette, som er klar for alternativt opplegg. Vi har mykje forskjellig utstyr som kan nyttast til ulike andre aktivitetar.

Likevel veit vi ikkje kva vi kan få til og kor mange vi eventuelt kan inkludere. Vi veit det når retningslinjene kjem. Då ser vi fort korleis vi kan trygge opplegget, kva som må til for å kvalitetssikre alt vi gjer, korleis vi kan sikre at alle retningslinjer vert følgt. Vi tek det på alvor, vi har dialog med kommuneoverlegen, skulesektoren i Volda kommune og NFF. Vi opnar ikkje før vi er heilt sikre på at vi leverer innafor dei rammene som føreligg.

Vi vil oppdatere hyppig framover. Det første vi skal gjere er å sende ut ein skjema for å kartlegge behova. Det kjem straks, det vert kort svarfrist og vi må ha rask respons. Essensen i behovsskjema vert: KVEN treng FFO? NÅR treng de det? KOR mykje treng de? Det er ingen garanti for at vi kan møte alle behov, men vi garanterer at vi skal prøve etter beste evne utifrå forutsetningane.

Når det gjeld økonomien, så kjem det eigen informasjon om det når vi veit meir. Det vert sagt at barnehagane startar å fakturere igjen frå 20.04, men det gjer ikkje vi. Meir info kjem.

Tusen takk for at vi får låne dei herlige borna dykkar på FFO, vi gler oss stort til å vere i normal gjenge igjen. Når borna kjem hoppande ut av bussen som geitekillingar som slepp ut på sommarbeite, DET drøymer VI om i desse tider. Stå dykk vèl, og ikkje nøl med å ta kontakt om det skulle vere noko!

Mvh

Alle tilsette på FFO og administrasjon

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Ose A/S
Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Eurosko
Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny