Meny

VTI Fotball

Førehandsomtale Volda-Hovdebygda

Førehandsomtale Volda-Hovdebygda

Trenarkommentar frå Lars-Petter Rønnestad

​Torsdag kl. 18.30 er det klart for den fyrste av i alt ni treningskamper for A-lag Herre før seriestart.

Vi i trenarteamet vil prøve å kome med nokre ord før kampane, i alle fall så langt tida strekk til.

Lat oss starte med å seie at vi har ei veldig flott og spennande spelargruppe. Dei har jobba hardt sidan vi starta opp tidlig i januar, og er ein gjeng som vil mykje. Allereie andre veka måtte vi ta ut ein foreløpig A-stall ettersom gruppa vart veldig stor på treningane, men denne er dynamisk, slik at endringar vil bli gjort gjennom heile sesongen. Vi har tett dialog med både rekrutt og G16, og har ei god hospiteringsordning. Vi har per no 14 gutte- og juniorspelarar som enten er tatt opp i A-stallen eller som hospiterar med A-laget.

Vi i trenarteamet har stor tru på den spelargruppa vi har i Volda TI Fotball. Kombinasjonen mellom seniorane i klubben som har vore der siste åra, samt unggutar som no utfordrar dei, trur vi blir bra. I tillegg aukar vi til fem økter i veka. Forhåpentligvis gjer det oss bedre både som enkeltspelarar og lag. Difor er det også berre på keeperplassen vi per no ser etter ein spelar til.

Å få med seg VTI-legenda Vidar Egset i trenarteamet var viktig. Han er ein hundreprosentar som forventar det same av omgivnadane. Eg trur at det i kontrakta hans står at han skal vere på halvparten av treningane, men han er der alltid. Slik er Vidar. Volda sin Billy Bremner. Å ha ein slik vaksen krigar og tidligare kaptein gåande på treningsfeltet gjer noko med skallen til alle.

VTI Fotball har inngått samarbeid med Optimal Helseklinikk, og det er vi veldig nøgd med. Dei er på stadion og bidreg inn mot A-lag herre både inn mot behandling, skadeførebygging og fysisk trening. Ein veldig proff gjeng med Einar Kriken Fylling i spissen, og vi ser resultat av arbeidet allereie.

Ellers er det godt at både Runar Gjelsvik og Birger Breivik blir med vidare i lagleiarteamet vårt. To positive og dyktige karar i gruppa!

Hovdebygda er altså fyrste motstandar. Neste fredag møter vi Hødd 2 på Høddvoll, og deretter Ørsta (borte), Hareid (heime), Førde (på Eid), Stryn (borte), Tornado/Måløy (heime), Eid (heime) og Bergsøy (borte). I tillegg vert det cupkvalik, samt ein treningsweekend i Sogndal saman med A-lag Dame.

For oss vert det godt å få seg ei gjennomkjøring på stor bane mot Hovdebygda, etter å ha trent i hallen sidan november. Nokre av dei rutinerte spelarane står over på torsdag då dei kjenner på småting og vi ikkje vil risikere noko no. Vi har tatt ut følgjande 18-mannstroppen, der alle vil få sjansen til å vise seg fram:

Sturla Nedrelid Heggen, Stian Moe Finnøy, Johannes Lien Bischoff, Fredrik Malme Kvalsnes, Eirik Bjørdal, Runar Aahjem Løvold, Markus Meek Pedersen, Martin Sandbakk, Even Osdal, Vetle Johan Dagfinrud, Jostein Holsvik Eriksen, Håkon Kroglund Haugen, Edvard Nordstrand Tødenes, Kenneth-Andre Hole, Vebjørn Osdal, Eskild Dagfinrud, Allan Levi Melby, Tore Kjetil Sørheim.

Vi vil gjerne sjå deg på Volda stadion!

Helsing, Lars-Petter 

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny