Meny

VTI Fotball

Forlenging av generalsponsoravtala med SpareBank 1 Søre Sunnmøre!

Forlenging av generalsponsoravtala med SpareBank 1 Søre Sunnmøre!

Vi er særs glade, fornøgde og takknemlege over at vi no kan informere om at vi har signert ei ny generalsponsoravtale med SpareBank 1 Søre Sunnmøre for dei tre komande åra med moglegheit for forlenging.

Samarbeidsavtala er viktig for begge partar med mål om å drage nytte av kvarandre for vidare utvikling. Avtala er også avgjerande for at vi kan drifte vidare på eit stabilt og fornuftig nivå, samtidig som ein får byggje vidare på fundamentet ein no har lagt i form av oppbygging av ein solid administrasjon, sportsleg utvikling og eit flott anlegg!

VTI Fotball er ein breiddeklubb det skal vere råd å verte best i, noko vi heile tidar jobbar for.

  • -Det skal vere råd i form av at vi skal halde nede kostnaden ved å spele fotball
  • -Sjølv om vi er ein breiddeklubb med tilbod til alle, skal det også vere råd å verte god for dei som ynskjer det og VTI Fotball skal legge til rette for dette

Denne avtala og alle dei andre sponsoravtalene vi har er med på å bidra til at vi kan jobbe vidare mot våre mål. Saman gjer vi Volda til ein betre plass å bu og virke!

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Ose A/S
Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Eurosko
Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny