Meny

VTI Fotball

Festfotball då Volda knuste HaNo

Festfotball då Volda knuste HaNo

Laurdag gjesta HaNo Volda stadion. Det vart eit brutalt møte med eit godt og leikent heimelag. Etter 2-0 til pause, losnar det verkeleg for grøntrøyene i andre omgong, og laget stoppar ikkje før det står 10-0 på måltavla. Volda befestar då 2.plassen på tabellen fire poeng føre Blindheim etter ni serierundar.

Volda sitt første mål kjem tidleg i kampen. Ei klarering frå Sunniva Hammer går heile vegen over forsvaret, og Anna Thunem får kontroll og rundar målvakta og trillar ballen i mål til leiing for heimelaget. Volda held fram med å kontrollere kampen. Laget har mykje ball og skapar sjansar nesten kvar gong ein sett fart på ballen. 2-0 kjem etter 22.minutt då Kristine Bjørneset sitt innlegg når Thunem føre mål. Førstetouchet treff ikkje heilt, men skruen i ballen lurar målvakta og Thunem kan enkelt sette ballen i mål frå kort hald. Volda køyrer kampen og er svært nære rett før kvilen. Eit flott angrep med mange trekk i laget, endar hjå Therese Holstad, men frå 14 meter får ho ikkje klem på skotet og målvakta har kontroll. 2-0 til pause etter ein bra omgong av heimelaget, og eit lite forvarsel om målfesten som skulle kome.

Hattrick av Støyle på tolv minutt

Johanne Støyle kjem inn etter kvilen, og har ikkje vore mange sekunda på bana før ballen sit i nota. Bjørnesetmed nytt innlegg og Støyle møter på første stolpe- 3-0 til Volda. Berre minuttet etter aukar Volda igjen. Flott gjennomspel frå Andrea Årseth til Mari Heggen. Målvakta reddar, men Støyle dunkar returen høgt i mål. 5-0 kjem på hjørnespark frå Irene Humborstad. Målvakta og forsvar prøvar å klarere, men ballen går i eige nett. Støyle sitt tredje mål kjem tolv minutt etter det første. Årseth spelar gjennom Støyle som rundar målvakta og 6-0 til Volda. 7-0 kjem etter nok eit godt innlegg frå Bjørneset. Denne gong er det Mari Heggen som kjem på eit djupt løp og breisidar ballen i nettet. Volda er farlege også på dødballar. Humborstad med hjørnespark og Støyle headar inn 8-0. Med få minutt att får Volda frispark halvvegs inn på motstandarens halvdel. Humborstad slår inn i feltet, Årseth med ei flott vending og dunkar ballen utagbart høgt i mål. Dagens siste kjem då Støyle jaktar eit gjennomspel. Støyle brukar fart og styrke og sett inn sitt femte! mål for dagen. Volda løftar seg fleire hakk frå førre seriekamp, og viser igjen og igjen fram flott angrepsfotball. Laget varierar fint mellom gjennomspel sentralt eller på kant, og utfordrar HaNo fleire gongar også med lengre ballar i bakrom. Ikkje minst lukkast laget ofte med det ein har trent på siste tida, og defensivt er det igjen botnsolid og konsentrert gjennom alle 90 minutta.

Volda- HaNo 10-0 (2-0)

  • 1-0 3min Anna Thunem
  • 2-0 22min Anna Thunem
  • 3-0 46 min Johanne Støyle
  • 4-0 47min Johanne Støyle
  • 5-0 54min sjølvmål
  • 6-0 57min Johanne Støyle
  • 7-0 69min Mari Heggen
  • 8-0 76min Johanne Støyle
  • 9-0 86min Andrea Årseth
  • 10-0 88min Johanne Støyle

Volda: Nathalie Eide, Susann B. Kragset, Irene Humborstad, Sunniva P. Hammer, Mari Aarflot (Veronika P. Hammer 30min), Therese Holstad (Maria G, Rafteset 54min), Nora S. Sæbønes, Mari Heggen, Kristine Bjørneset (Andrea Årseth 81min), Andrea årseth (Hanna Andenes 64min), Anna Thunem (Johanne Støyle 46min)

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny