Meny

VTI Fotball

Prøveveke FFO+ - Ein suksess

Prøveveke FFO+ - Ein suksess

Påmelding FFO/FFO+

Påmeldingsskjema FFO/FFO+ og endringsskjema

Prøveveka over - det vart ein suksess

Vi var fulle av forventning, på grensa til nervøse, men godt forberedt og entusiastiske mtp. å få inn ein stor andel 5-8 klassingar. Veka før prøveveka var det 3 born på FFO+ på onsdagar og 7 born mellom 5-7 klasse på fredagar. Forrige veke hadde vi 16 gutar frå 5-7 klasse på onsdag og 24 gutar OG JENTER frå 5-8(!!) klasse på fredag. Dei fekk tilrettelagt møterom kor dei kunne opphalde seg under måltidet, presentasjon av økt med Lars-Petter og når dei skifta til fotballklede. Det var godt å sjå kor utrulig fokuserte og konsentrerte heile gjengen var frå dei kom til stadion og heilt til dei reiste heim eller på neste trening.

Tilbakemeldingane frå føresette og borna har vore udelt positive og det er noko som gjer at vi ser lyst på fremtida for FFO+ og at vi forhåpentligvis får nok born til å fortsette planlegginga og gjennomføringa av planane for FFO+ - ei målgruppe vi meinar vil ha veldig godt av eit slikt tilbod. Fokuset vårt på kosthald og kvalitet frå A-Å vil gjere mykje positivt for gutane og jentene frå 10-15 år!

Vi håpar at alle som har vore med å testa FFO+ i forrige veke fortsetter på onsdagar og fredagar (gjerne fleire dagar også) og at nye nysgjerrige også vurderar å melde seg på.

Lars-Petter Rønnestad er veldig imponert over kvaliteten på spelarane han har hatt ansvaret for denne veka og ekstra imponert er han over kor dedikerte og målretta dei var. Han håper òg å sjå igjen flest mogleg på onsdagar og fredagar i vekene, månadane og åra som kjem. 

IMG_4457

IMG_4480

Skjermbilde 2019-09-15 kl. 22.51.50


----------------------------------------------------------

Invitasjon til prøveveke på FFO+

FFO + tek ny sats, og vi ynskjer med dette å invitere alle interesserte gutar og jenter fødde 2006-2009 til prøveveke i veke 37, onsdag 13. september og fredag 15. september.

Lars-Petter Rønnestad er ny ansvarleg for FFO+. Han er trenar for senior herre i Volda, og har tidlegare jobba i klubbar som Hødd, Bergsøy og Brann. Han gler seg stort til å kome i gang!

FFO+ er ikkje eit nytt konsept som vi startar med i år, men eit konsept vi starta opp i 2016. Heile konseptet er veldig likt vanleg FFO, men likevel eit steg opp. Vi ynskjer å setje større fokus på dette alderstrinnet som er i ei viktig vekst- og utviklings-fase. Det vil difor bli snakka mykje om kosthald, søvn og korleis ta var på kroppen i denne viktige fasa. Vi ynskjer å behalde så mange som mogleg i alderen 10-X. Få dei vekk frå skjerm og lettvint mat som ikkje gir nødvendig næring, og alt dette i kombinasjon med fotballtreningar. I denne alderen vil det bli litt større krav til konsentrasjon og fokus gjennom øktene for å få til mest mogeleg læring som igjen fører til det aller viktigaste – nemleg meistring. Det skal på ingen måte skremme vekk nokon. Tilbodet er for alle, både ivrige og mindre ivrige, men vi vil etter beste evne forsøke å differensiere tilbodet slik at vi klarer å holde oss innanfor trivsel / meistringskurven.

Skjermbilde 2019-09-05 kl. 01.12.45

Skjermbilde 2019-09-05 kl. 01.28.46

Vi ynskjer å gjere litt ekstra stas på dei gutane og jentene som vil prøve/melde seg på FFO+:

-Dei vil få ein eigen plass for matservering.

-Presentasjon av treningsøkt ved Lars-Petter Rønnestad under matserveringa.

-Vi har et ynskje om å få til flest mogeleg treningar ute (om vêret ikkje gjer det umogeleg).

-Vi har følarar ute for å finne ei jakke (vatnavvisande og pustande) som dei får/kjøper (til ein gunstig pris)

-Sunn og næringsrik mat og drikke

-Når garderobedelen i kjellaren vert ferdigstilt (nyoppussa) vil de få eigne garderobe som dei kan skifte og evt. dusje i om ynskjeleg.

-Vi vil også ha fokus på utvikling av motoriske og koordinative eigenskapar.

-Keepertrening med anten Harry Brooks eller Kristian Lillebø.

Dagane det vert FFO+ med Lars-Petter er onsdagar og fredagar, men det vil likevel vere mogeleg å melde seg på dei øvrige dagane, men då samanslått med 4.klasse om antalet 5-10 klassingar ikkje er høgt nok til å danne eigne grupper. Skulle du ha ein gut eller jente som tenker at dette blir for «hardt» så tek vi naturlegvis hensyn til det og miksar dei saman i ei eiga FFO+ gruppe.

Vi har veldig stor tru på konseptet og ynskjer nye FFO barn hjarteleg velkomne og håper i det leeeeeengste at barn som allereie går på FFO+ held fram og evt endrar dagar. I tillegg håpar vi at dykk som har hatt barn her dei siste åra, anten på vanlig FFO eller FFO+ får lyst og kan kome tilbake.

Telenor Xtra Volda FFO skal ha og har hatt rykte på seg for å vere ein plass som ser alle og har dedikerte trenarar både menn og kvinner, jenter og gutar. Vi ynskjer å ta del i oppveksten og utviklinga til alle; i, på og rundt FF​O.

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny