Meny

VTI Fotball

Endringar i administrasjonen

Endringar i administrasjonen

VTI Fotball har siste tida gjort endringar i administrasjonen for å tilpasse klubben sine kostnadar opp mot framtidig drift og må dessverre kutte eit årsverk. Rønnaug Myklebust starta i ny jobb 14.03.19 og det vert difor endring av arbeidsoppgåver på dei ansatte i klubben. For at ein skal unngå misforståelsar, samt at spørsmål vert retta til rett vedkommande, legg vi no ut dei ansvarsområda som er nyttig for medlemmar og andre å vite om. I ein fotballklubb på vår størrelse vil det alltid vere ein viss flyt mellom arbeidsoppgåvene, så plutseleg finn de oss på plassar der vi ut frå desse arbeidsoppgåvene ikkje høyrer heime 😊

Administrativ leiar: Runar Aahjem Løvold (runar@vti-fotball.no)

  • Politiattestar
  • Utleige bil/buss
  • Heimeside
  • Klesansvar saman med klubbleiar
  • Registrering av endringar i medlemssystem og treningsavgift
  • Refusjon treningsavgift
  • FFO administrasjon
    • Fakturering
    • Registrering av avmelding og endringar
  • Diverse løpande

Klubbleiar: Solveig Storeide (solveig@vti-fotball.no)

  • Sponsorarbeid
  • Samfunnskontakt
  • Klubbhusutleige
  • Kontaktpersonansvarleg
  • Rabattlotteri og Circle-K kopp
  • Kiwi-cup og Eat Move Sleep cup
  • Klesansvar saman med administrativ leiar
  • Kamparrangement inkludert kiosk

FFO-leiar: Arild Hagen Bakke (arild@vti-fotball.no)

  • FFO ansvarleg
    • Påmelding
    • Aktivitetsansvarleg
    • Kontaktpunkt FFO for føresette
  • FIKS-ansvarleg
    • Påmelding av lag
    • Innmelding av overgangar
    • Endringar i FIKS
  • Oppdatering av stadiondagbok
  • Rekruttering-/ oppstartsansvarleg 6-åringar

Miljøarbeidar: Zozan Hasan

  • Ansvar for dagleg drift av kjøkken, inkludert reinhald
  • Innkjøp og matlaging FFO
  • Dagleg reinhald av klubbhus (ikkje garderobeanlegg i kjellar på klubbhuset), samt toalett i Mørehallen

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny