Meny

VTI Fotball

Egset: - Vi treng unge og gamle på stadion fredag!

Egset: - Vi treng unge og gamle på stadion fredag!

Vidar Egset håper på god gamaldags stadionstemning i seriefinalen mot Bergsøy

VTI-legenda Vidar Egset takka ja til å assistere Lars-Petter Rønnestad som A-lagstrenar for herrelaget før sesongen. Med to serierunder igjen å spele, leiar Volda med fire poeng på Bergsøy. Fredag brakar dei to klubbane saman på Volda stadion i ein kamp der Volda vil bli seriemeister med siger eller uavgjort.

  • Vi sa før sesongen at vi at vi skulle utvikle laget og skape eit produkt som er interessant både for spelarar, klubb og lokalsamfunn. Eg føler vi har lykkast med det, seier Vidar.
  • Kva forventningar hadde du før sesongen?
  • Vi var litt spent, men såg tidleg at det var eit potensial i laget. Der var ein iver i gruppa etter å bli betre og trene hardt. Vi valte å satse på dei lokale spelarane som allereie var i spelargruppa, samt ta opp mange juniorar. Vi fekk litt kritikk rundt det frå ein del som meinte vi burde hente inn fleire studentar og eksterne spelarar, men sett i ettertid gjorde vi heilt rett. Vi har skapt ei god gruppe med spelarar som trenar hardt, trivst godt og vi har gode treningar. Vi har skapt oss eit godt rykte. Ikkje minst merkar vi det gjennom mange utanfrå som no tek kontakt og vil bli med oss.

Vidar står med 417 kampar for Volda mellom 1980 og 1994, alle frå start. Han spelte også for Lyn i dryge to sesongar, samt Hødd i ein sesong. I tillegg var han god i alpin, med fleire krinsmeisterskap samt deltaking i NM både som junior og senior. Seinare har han hatt ein rekkje verv i VTI.

  • Ja, eg var 12 år aldersbestemt trenar i fotballen då borna var aktive. Eg var også involvert i alpint. Siste åra har det vorte mykje handball. Fyrst tre år som aldersbestemt trenar, og så har eg hengt med i miljøet i handballen etterpå. No er eg arrangements-ansvarleg i Volda Handball.
  • Kva tenkjer du om seriefinalen mot Bergsøy på fredag?
  • For det fyrste synes eg det er kjekt at vi har noko stort å kjempe om mot slutten av sesongen. Eg har inntrykk av at gutta også synes det er spesielt. Vi er i førarsetet, og det med begge hendene på rattet. Den sjansen ynskjer vi å utnytte! Så tenkjer eg at vi skal utpå å levere ein kamp der vi er 100% påskrudd og leverar ein kamp på vårt aller beste. Bergsøy har vore ein tøff konkurrent for Volda dei siste åra, og var store favorittar til å vinne serien denne sesongen. At vi no kan ta dei hit til ein seriefinale, og i tillegg kan avgjere sjølve i nest siste serierunde, det er både spanande og kjekt. Så her er det berre å møte fram for å støtte gutta, gamle som unge. Vi treng god gamaldags stadionstemning på Volda stadion!

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny