Meny

VTI Fotball

Avslutta vårsesongen med siger mot Sykkylven

Avslutta vårsesongen med siger mot Sykkylven

Volda- Sykkylven 3-0 (0-0)

1-0 Nora S. Sæbønes (51min)

2-0 Anna Thunem (54min)

3-0 Mari Heggen (58min)

Volda tok onsdag imot Sykkylven på Volda stadion. Heimelaget har full kontroll kampen gjennom, sjølv om det gjekk ein drøy omgong før måla kom.

Volda klart best i gong. Etter ni minutt kjem Kristine Bjørneset til innlegg og Anna Thunem er nære å sette ballen i mål på første stolpe. Grøntrøyene har ballen mest og dominerer kampen, men utan å skape dei heilt store sjansane. Etter drøye halvtimen spelt er bortelaget heldige som ikkje får straffe imot. Først vert Maren R. Vatne felt bakfra på veg gjennom, men dommaren vinkar spelet vidare. Like etter vert Bjørneset «knust» mellom tre forsvararar, også denne innanfor 16 meteren. Ein svak dommar let også denne passere. Det står 0-0 til pause trass stor dominans frå heimelaget.

Tre mål på sju minutt

Volda styrer frå start også etter kvilen og får endeleg utteljing. Seks minutt ut i andre omgong kjem første målet på flott vis. Volda speler seg kjapt framover og ballen endar hos Bjørneset på kanten. Ho skjærer innover frå kanten og legg 45 grader ut til Nora Sæbønes. Sæbønes breisider ballen i mål frå ca. 10 meters hald. Like etter får Volda corner. Mari Aarflot slår inn i feltet. Sæbønes krigar til seg ballen og får slått vidare til Thunem som enkelt sett inn 2-0. I det 58.minutt kjem Voldas tredje mål. Grøntrøyene køyrer ei kjapp kontring. Igjen er Bjørneset nest sist på ballen då Mari Heggen banker inn 3-0 til Volda. Like etter er rollene ombytte då Heggen sender Bjørneset gjennom, men denne gong går skotet like utanfor. Volda held fram og styre kampen og er svært nære etter nok ein corner. Det er panikk og kaos i bortelagets forsvar då ballen til slutt går i foten på ein Voldaspelar rett føre målstreken og ut i feltet, får ballen vert klarert. Slutten av kampen vert noko prega av mange bytter og duellar, men Volda styrer kampen inn til ein sikker siger. Sykkylven prøver seg med lange ballar i bakrom kampen gjennom, men utan å skape noko som helst. Volda avsluttar dermed vårsesongen med siger, og ligg på andre plass på tabellen bak Herd 2. Blindheim og Brattvåg/Ravn ligg henholdsvis eit og tre poeng bak Volda.

Volda: Nathalie Eide, Susann B. Kragset, Irene Humborstad, Sunniva P. Hammer, Mari Aarflot (Veronika P. Hammer 69min), Mari N. Heggen (Mari Aarflot 75min), Nora S. Sæbønes, Maren R. Vatne (Maria G. Rafteset 51min) (Maren R. Vatne 72min), Kristine Bjørneset, Maja S. Østervold, Anna Thunem (Andrea Årseth 62min).

Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny