Meny

VTI Fotball

Dugnadsansvarleg

Sørger for ei forutsigbart, rettferdig og tydeleg dugnadsoversikt i laget

Dette er ikkje ei enkel oppgåve.
Det er alltid mykje som rører seg når ein kjem inn på temaet DUGNAD. 
MEN: vår erfaring er at dugnadsånda er stor, positiv og imponerande her i klubben!
Det er JA-mennesker overalt.
Heldigvis! For det gjer at vi får hjula til å gå rundt og framleis ha ei låg treningsavgift. 


Innsatsen vil aldri vere 100% lik, og det kan nok ikkje vere målsettinga, verken i klubb eller lag.
Ulike livssituasjonar både i fht jobb, helse, heimesituasjon og anna gjer at vi stiller noko ulikt. Det har vi eit ynskje frå klubb at ein skal prøve å ta litt hensyn til. Vi ynskjer at alle born skal få spele fotball, og vi vil ikkje at nokon sluttar fordi føresette rett og slett ikkje klarer eller orker å delta. 

Samtidig så må ein sjølvsagt klargjer på foreldremøte at det ligg visse forpliktingar å vere med i ein frivillig organisasjon. For å få hjula til å gå rundt er vi heilt avhengig av eit stort dugnadsapparat både på trenarsida, foreldrestyrer, diverse arrangementsnemnder og komitear, i styret, på anlegg blant anna. 


Dugnadsansvarleg skal IKKJE stå i "kranglar" og vanskelege saker, be vedkomande ta kontakt på solveig@vti-fotball.no, så vert det tatt vidare av klubb. Eller så kan dugnadsansvarleg melde inn utfordringa. 


Verken klubb eller lag kan forhalde seg til skilsmisseproblematikk når det gjeld dugnad. Vi anbefaler difor å setje opp bornet sitt namn, eller sette BEGGE føresette med ...../....., så må dei finne utav det sjølv.
Vi har fått tilbakemelding begge vegar "eg har ikkje borna den helga, så eg stiller ikkje på dugnad" og "eg vil helst setjast opp når eg ikkje har borna, da er eg ledig" = umogleg for oss å ha EIT bestemt system her. 


Tilbakemelding frå laga dei siste åra, gjer at vi no har eit dugnadssystem på cupane der laga får tildelt ULIKE oppgåver. Ikkje slik at EIT bestemt lag har all parkering og eit anna lag all speakerteneste. Det gjer at det er enklare for folk å få vere der dei er komfortable. Nokre trivast i speakerrolla, nokre vil helst stå i kiosk, medan nokon har behov for å vere "bakom", feks svelesteiking på klubbhuset. Fordel klokt = blidare folk :-) 


Tusen takk for hjelpa! 





Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Circle K
Kiwi
Volda Maskin
Rotevatn
NOG
Tussa
Stamina

Hovudsponsor

Ose A/S
Hovden og Vatne
Bygg1
Intersport
Brunvoll

Støttespelarar

Eurosko
Bil og Gummiservice
Optimal
Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny