
Vekeskiosk
Aldersbestemt har kvar si veke med vekeskiosk.
Det stiller 2 personar pr kveld.
Opningstid er i utgangspunktet 18.00 - 21.00.
Vi stenger når det ikkje er fleire kampar som går.
Kiosken er ut av luka i front, mot hovudbana. Ein kan også nytte luka inn mot salen om ein vil.
Det skal lagast fruktfat til samtlege lag som spelar, på alle aldersnivå. Sjekk stadiondagboka for å finne ut antal fruktfat.
Bruk eit FFO-plastfat, skjær opp diverse frukt du finn på kjølerommet. :-)
Menyen er enkel, men noko å varme seg på, og litt mat i svolten mage får ein alltid!! :-)
Start vakta med å setje på kaffe, det skal alltid vere kaffe klart! Og begynn å steike vafler. Røre lagar du av pakke som du finn i skapet merka med vaflebilde :-)
Vi tek Vipps (Volda Stadion) 103915, bankkort og kontantar.
Zozan har stålkontroll, så det høyrer til sjeldenheita at noko manglar, så når du ikkje finn:
- Glass-skapet på kjøkkenet skal innehalde det meste du treng.
- Om ikkje det er tatt opp pølsebrød, finn du det i fryseren på FFO-lageret ved kjøkkenet.
- Frysaren utanfor kjølerommet inneheld is og anna du kan kome til å trenge :-)
Pengeskrin og bankterminal finn du i skuff.
Kampvertvestar ligg også i skuffa.
Kampvertane skal hente frukta sjølv, de skal berre lage til fata :-)
VAKTSLUTT:
- Pengeskrin og terminal tilbake i skuff
- Dra ut stikkontakt til vaffeljern, kaffetraktar og vannkokar
- Sjekk at alle dører er låst
- Sjekk at vindu er låst, husk kioskluka
- Gå ut smekkdøra på gamlekjøkkenet.
Om det skulle vere noko: Solveig 90565727
TAKK FOR INNSATSEN :-)
Lukke til