
Trenarkompetanse
Dyktige trenarar er heilt avgjerande for kvaliteten på aktivitetane, og for å nå målet om flest mogleg - lengst mogleg - best mogleg!
Samtlege lag i klubben har trenarar med kurs. Ikkje alle hovudtrenarar har fullført alle fire delane i C-lisens kurset, men vi er på god veg.
2019-2020:
Trenarar som fullfører 2 grasrottrenarkurs (anten del 1 og 2, eller 3 og 4) får trenargensar frå klubben. Trenarar som fullfører alle grasrottrenarkursa (del 1 - del 4) og dermed får C-lisens får stadionjakke/trenarjakke frå klubben.