Meny

VTI Fotball

Økonomistyring

Kraftig vekst dei siste åra stiller nye krav til organisering og økonomistyring

VTI Fotball har hatt ei kraftig vekst dei siste åra, mykje grunna etableringa av Telenor Extra Volda FFO der ein no har meir rundt 165 deltakarar som er på stadion etter skuletid ein til fem dagar kvar veke.

2017 vart eit vanskeleg år økonomisk sjølv om omsetninga bikka 8 millionar kroner for fyrste gong. Dette er omlag ei tredobling av omsetninga på 4 år. Vi ser for komande år behov for å stabilisere økonomien rundt dagens nivå etter mange år med enorm vekst. Dette har give "voksesmerter" som ein fekk kjenne på i 2017. Kostnadsbesparing og nye inntektstiltak vert iverksatt i 2018. VTI Fotball hadde i 2017 ca 9 årsverk, så vi er avhengig av gode styringssystem med fokus på kundetilfredshet, personal og HMS, kvalitet og det som ellers krevst av ei vanleg verksemd i forhold til økonomistyring og drift.

VTI Fotball endra sin organisasjon i 2016 der mellom ann dagleg leiar fekk ei mykje tydlegare rolle som ansvarleg for den daglege drift, herunder og fullmakter knytt til den daglege økonomistyring med støtte frå rekneskapskontor og økonomiansvarleg i styret. Med ny organisering vart og nye avdelingar definert med avdelingsleiarar som har fått delegert ansvar for eigne avdelingsbudsjett. 

Det vert normalt arbeidd med nytt budsjett for komande år i perioden oktober- november, med sakshandsaming av styret i desember og endeleg godkjenning av Årsmøtet i februar månad. Dagleg leiar styrar prosessen, og set saman eit forslag til budsjett som vert lagt fram for styret saman med sine avdelingsleiarar og med støtte frå økonomiansvarleg i styret. 

Dagleg leiar/økonomiansvarleg 2018: Runar Løvold
Styreleiar: Audun Høydal

Rekneskapen vert ført  på månadleg basis og er sak på kvart styremøte der dagleg leiarpresenterer ein gjennomgang av økonomistatus. Styremøter vert normalt sett opp den første mandag i kvar månad.

I januar 2017 tok klubben over rekneskapet sjølve frå Hovden og Vatne AS i Ørsta (som vi har vore veldig fornøgde med, men vi treng å ha det under eige tak). Rekneskapen vert difor ført på huset, men med ein god dialog med H&V framleis. Bankforbindelsen er vår generalsponsor Sparebank 1 Søre Sunnmøre. I 2015 passerte vi omsetningsgrensa på 5 mill.kr som gjorde VTI Fotball pliktig å ha offentleg registrert revisor. Registrert revisor Dag Bratteberg, Ørsta, vart valt til revisor fo VTI Fotball på Årsmøtet i 2015, og ein oppretta ein kontrollkomite med to medlemmar tilerstatning for tidlegare ordning med to interne revisorar.

Får hausten 2016 tok vi i bruk eit nytt medlems og CRM-system, FOCUS 2016, frå Team Data System. Vi tek gradvis i bruk stadig meir av funksjonaliteten i dette systemet, og all fakturering vert gjort av klubbens eigne tilsette gjennom dette systemet. Vi ser allereie at det gir både besparelser og effektivisering av arbeid med medlemsadministrasjon og økonomi. 


Brakkebutikken

Kvalitetsklubb

Generalsponsor

Sparebank 1

Hovudsponsor

Bygg 1
Rotevatn
NOG
Tussa
Aurstad
Stamina

Hovudsponsor

Intersport
VoldaMaskin
Brunvoll
Statoil
KIWI

Støttespelarar

Møbelringen
Gillen AS
Mesterhus

Meny